No må Vestland vakne!

FILMBRANSJE: Når norske produksjonsselskap ikkje klarar seg utan avtalar med type NRK eller TV2, har vi eigentleg ein filmbransje? spør Randi Førsund i denne artikkelen.

FILMBRANSJE: Når norske produksjonsselskap ikkje klarar seg utan avtalar med type NRK eller TV2, har vi eigentleg ein filmbransje? spør Randi Førsund i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevBT-leiaren måndag 23. september meiner filmbransjen må fornye seg. Men Kjersti Mo kjem ikkje med nye krav når ho tek over som direktør for Norsk filminstitutt.

Det er same gamle visa år etter år uansett regjering. Norsk film må tene pengar. Norsk film må vinne eit breiare publikum. Siste skrik frå «filmelitemiljøet» i hovudstaden er «Barn» med underkant av 10.000 sjåarar etter 2 veker på kino, «Askeladden» hadde nok høgare ambisjonar enn underkant av 200.000 sjåarar etter 5 veker. «Hjelperytteren» har i underkant av 1500 sjåarar etter 4 veker. Filmskaparane bak desse produksjonane er det bransjen sjølv omtalar som kremen av kompetent talent alle vegar. Korleis kan det då bli betre? Kva hjelper det ha byens beste butikk viss ingen handlar der?

Mykje har endra seg sidan Norsk filminstitutt vart etablert i 2008. Men lukkast dei med visjonane sine? Når idretten ikkje leverer, får det konsekvensar. Når politikarane ikkje leverer, får det konsekvensar. Ein statsråd sit ikkje uansett feilsteg. Heller ikkje ein statsminister. Når norsk film ikkje leverer, heiter det filmkunst og dei bed i same slengen om meir midlar. Filmskaparane sit spikra uansett.

Viss vi såg på publikumstala til dei som har fått meir eller mindre fast tildeling til prosjekta sine frå Norsk filminstitutt, ser vi med ein gong at dette ikkje kan vere god butikk. Ingen tunge investormiljø blir med på slike tap. Når norske produksjonsselskap ikkje klarar seg utan avtalar med type NRK eller TV2, har vi eigentleg ein filmbransje? Eller har vi ei handfull leverandørar for større TV-selskap? Kan ein slik «bransje» ha eit organ som Norsk filminstitutt til å halde liv i gildet for nokre veldig få aktørar som aldri vinn nok publikum til å byggje sjølvstendig næring?

Eg meiner NFI og norsk film lyt følge samfunnsutviklinga. Det er uansett ikkje økonomisk ansvarleg halde fram med eit organ som NFI i Noreg i 2019. Potten NFI forvaltar bør heller delast utover dei ulike nye regionane i heile landet. På den måten vil dei dyktigaste filmskaparane vinne fram med prosjekta sine.

Vidare kan slike miljø byggje relasjonar internasjonalt. Kvar og ein filmskapar i dag lyt ha eige nettverk internasjonalt om ein skal lukkast. Alternativt kan ein halde fram med å lage eventyrfilmar til nokre titals millionar for ei handfull hundre tusen nordmenn, med ein og annan katastrofefilm som bikkar millionen med nokre år i mellom. Men ingen av desse har vunne publikum internasjonalt og tener dermed ikkje pengar som kan byggje næring og vinne naudsynt tillit hjå investorane.

Empirien har til no synt at NFI ikkje kan byggje filmnæring og filmskaparen må byggje seg sjølv. Når ein får nok risikovillige filmskaparar, kan vi snakke om å byggje filmnæring. Er det noko norske filmskaparar lyt bli betre på, er det å vere synlege i samfunnsdebatten. Folk i dag anar ikkje kven norske filmskaparar er.

Når Amanda-prisen er så lite interessant blant publikum at showet er tatt av sendeplanen, har norsk film blitt til ein svensk komedie. Det lyt få konsekvensar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags