Kriminalomsorga sitt tilsynsråd i Region Vest har ikkje levert årsmelding om fengsla i regionen sidan 2013, skriv Bergens Tidende. Det er også uklart kor mange gongar rådet har vore på besøk i fengsla. Tilsynsrådet er talerøyr for 700 innsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal og har som oppgåve å rapportere om korleis dei innsette har det, både fysisk og psykisk.

Regiontillitsvald i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund, Morten Aksdal, seier til nettstaden FriFagbevegelse at det er kritikkverdig at fleire fengsel i lengre periodar ikkje har hatt besøk av tilsynsrådet. Sivilombodsmannen reagerer også på den manglande rapporteringa og understrekar at innsette er i større fare for å oppleve krenkingar og overgrep enn andre og at det difor er heilt avgjerande å ha ei god og effektiv tilsynsordning.

No må tilsynsrådet rydde opp, og både besøke fengsla oftare samt følge opp plikta om årleg å levere ei årsmelding til Kriminalomsorgsdirektoratet om tilstanden til dei innsette.