– Feil om økologisk landbruk!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Severin Otterdal Heggen frå Vestland Unge Høgre i Hornindal skriv i lesebrev 3. september: «Fjern støtteordningane til økologisk landbruk!».

Argumentasjon til Severin er at økologisk landbruk ikkje er meir miljøvennleg, fordi det krev større areal for å produsere tilsvarande mengde mat som konvensjonelt landbruk.

Reknar med at Severin har henta opplysningane sine om at økologisk landbruk krev 44 prosent større landareal for å produsere like mykje mat, frå eit eldre feltforsøk på Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk). Dette er ikkje relevant i forhold til dagens faktiske forhold, ettersom ein no reknar ein avlingsreduksjon på om lag 20 prosent i medel for alle artar etter omlegging til økologisk drift.

Ser ein på Statistisk sentralbyrå (SSB) rapporten for Jordbruk og miljø 2019 syner den at godkjent økologisk jordbruksareal i drift og karensarealet omfatta 463 800 dekar, eller 4,7 prosent, av jordbruksarealet i 2018. Talet på økologiske jordbruksbedrifter var om lag 2 000 og utgjorde 5,1 prosent. Det er difor ikkje slik at det vert dyrka opp store areal for å produsere økologisk mat. I Norge er vel heller problemet at areal går ut av drift og at Høgres politikk fører til import av innsatsvarer som legg band på jord i andre land.

Severin skriv at ein burde fjerne målet om at 15 % av all mat som vert produsert skal vere økologisk. Til det er det å si at samarbeidsregjeringa med Høgre i spissen i juni 2018 nettopp fjerna dette målet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags