DEBATT: Alle barn skal ha barnetrygd!

Av
DEL

Lesarbrev

Barnetrygda skal vere ei statleg og universell ordning – ei ordning som alle barn har den same retten til. Det motstridande er at det er berre barn i økonomisk vanskelegstilte familiar som kan bli nekta barnetrygd.

Dette er enkelt for kommunestyra å gjere noko med. La barnet ha den tryggleiken at det er litt ekstra til han eller ho, kanskje til ein gebursdag, kanskje til eit kinobesøk, kanskje til nye ski. Dette kostar så lite for dei som lever i familiar med nokolunde god økonomi, men det kan vere uoverkomeleg for barn i familiar som må greie seg med sosialstønad.

Raudt har kampen mot dei aukande klasseforskjellane som ei hovudsak. Ein måte gjere dette på er, at barnetrygda ikkje blir trekt frå ved utmåling av sosialhjelp. Eit positivt vedtak vil vere ei god julegåve og ei solidarisk handsrekning til dei som verkeleg treng det!

Fine formuleringar løyser ikkje skadane i ein barnekropp når foreldra ikkje har råd til sunn mat og gode klede. Fine formuleringar dempar ikkje smerta over ikkje å ha råd til å delta på det same fritids-/ferietilbodet som andre barn i den same barnehagen eller skulen.

Raudt vil kjempe for at barnetrygda blir halden utanfor ved utmåling av sosialhjelp. Det er visstnok slik at alle kommunane i fylket, unnateke Sogndal, trekkjer barnetrygda frå når den økonomiske stønaden blir rekna ut.

Vi meiner barnetrygda må gå til den som den er meint til, og det er barnet. Når NAV trekkjer barnetrygda frå når sosialstønaden blir rekna ut, gjer dei fattige barn endå fattigare. Kommunestyra i fylket har myndigheit til å stoppe denne hjartelause praksisen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags