Få ein klasse til ved Firda vgs!

FLYTTE: Dersom ein ikkje får ein ekstra klasse må  26 elevar reise vekk frå kommunen for å få skuletilbod, skriv Jenny Flølo Kleppe.

FLYTTE: Dersom ein ikkje får ein ekstra klasse må 26 elevar reise vekk frå kommunen for å få skuletilbod, skriv Jenny Flølo Kleppe.

Av
DEL

LesarbrevKjære politikar i utvalet foropplæring og kompetanse i Vestland fylke.

På tysdag håpar vi at de tek omsyn tildei svært gode søkjartala som Firda vgs. har for det komande skuleår. Det er totalt 367 søkjarar som har Firda vgs som sitt førsteval, men slik opplæringstilbodet ligg føre i dag har ein berre plass til 313.

Skulen har godkapasitet til å ta fleire elevar og ved å opprette ein ny klasse med elevar frå studiespesialisering og idrett vil 26 elevar som har Firda som førsteval få sitt primærynskje oppfylt. Dersom ein ikkje får ein ekstra klasse må desse 26 reise vekk frå kommunen for å få skuletilbod.

Dette handlar om den enkelte elev. Deter desse enkeltelevane vi så inderleg kjempar for no. Vi har alle sjølve vore, eller er, elevar i vgs. og veit kva det har betydd og betyr at vi fekk eller ikkje fekk vårt fyrste val oppfylt. Som vi alle veit er det heilt avgjerande for grad av gjennomføring og det handlar rett og slett om vi lukkast og trivst i livet eller ikkje. Så mykje kan ein skuleplass bety.

Skulen sjølv viser til at det ikkje er snakk om ei stor økonomisk auke for å få dette til, då dei allerede sit med ressursane og kompetansen til ei ekstra klasse.

Tysdag 02.06 må de opprette eiekstra klasse på Firda vgs.!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags