Få ei klasse til ved Firda vgs.!

TILBOD: Vi ynskjer at dei 49 søkjarane som har Firda vgs. som fyrste val og som ikkje vil få eit tilbod, skal få det! Då må det gjerast endringar i opplæringstilbodet ved skulen for kommande skuleår slik flest mogeleg får gå på skule i heimkommunen sin skriv  Jenny Flølo Kleppe (t.v.) , oppe til høgre Thea Louise Esp (øvst t.h.), og  Elias Slåtten (nederst t.h.)

TILBOD: Vi ynskjer at dei 49 søkjarane som har Firda vgs. som fyrste val og som ikkje vil få eit tilbod, skal få det! Då må det gjerast endringar i opplæringstilbodet ved skulen for kommande skuleår slik flest mogeleg får gå på skule i heimkommunen sin skriv Jenny Flølo Kleppe (t.v.) , oppe til høgre Thea Louise Esp (øvst t.h.), og Elias Slåtten (nederst t.h.) Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Firda vgs. er svært viktig for Gloppen kommune, Vestland fylke og ungdommane som bur der. Skulen har eit unikt tilbod og har mellom anna den einaste musikk, dans og drama linja i Sogn og Fjordane. Dermed er skulen ein viktig kulturinstitusjon i Vestland fylke.

I tillegg til dette driv Firda vgs. nybrotsarbeid i utvikling av nye fag, som til dømes klima og miljøfaget. Dette er noko elevane og lokalsamfunnet engasjerer seg i, som også har gitt skulen nasjonal merksemd. Firda har og eit unikt tilbod i Open Skule, der elevane får høve til å møtast på tvers av klassene på kveldstid, noko som er med på å skape eit særs godt miljø.

I 2017 vann Firda vgs. Dronning Sonjas skulepris, som går til skular som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. I Gloppen kommune opplever vi dessverre at mange elvar ikkje får gå på skule i heimkommunen sin slik forslaget frå fylkesdirektøren ligg no.

Opplæringstilbodet til Firda vgs. var i utgangspunktet bestemt til å vere ei klasse på studiespesialiserande og ei idrettsklasse, begge med 30 plassar, ei på musikk med 24 plassar og ei på dans/drama med 12 plassar kvar. Søkjartala til Firda vgs. har gjennom fleire år vore stabilt høge, og i år er det 37 oversøkjarar til Vg1. 14 oversøkjarar på studiespesialiserande, 12 på idrett og 17 på musikk/dans/drama. I tillegg til dette er det 6 oversøkjarar til både vg2 og vg3 studiespesialisering. Utan justeringar vil der vere 49 elevar som ikkje kjem inn på førstevalet sitt ved Firda vgs.

I 10. klasse på Gloppen ungdomsskule er det i år ekstra mange elevar og heile 4 klassar, ei klasse meir enn normalt. Det er ein av grunnane til dei høge søkjartala til Firda vgs. Vi ønskjer at so mange elevar som mogleg skal få høve til å gå på skule i nærområdet sitt og ikkje måtte flytte på hybel. Det seier seg sjølv at dersom ein får oppfylt førstevalet sitt er det større sannsyn for at eleven fullfører vidaregåande opplæring. Frå 2017 til 2020 har Firda vgs. hatt to klasser på idrettsfag, dette skal no reduserast trass dei høge søkjartala.

Nordfjord vert alt for hardt råka i forhold til kva som var lagt til grunn. Firda har allereie mista ein idrettsklasse, og med so høge søkjartal meiner vi at det bør bli oppretta fleire elevplassar ved Firda vgs. Dersom vi ser på dei andre skulane i Nordfjord mistar Eid 1,5 klasse, Måløy 1 klasse og Stryn 1 klasse ved justeringa. At det no vert foreslått ein reduksjon på 4 grupper i region Sogn og Fjordane, og at 3,5 av desse vert foreslått redusert i Nordfjord kan vi ikkje godta. Når opplæringstilbodet vart lagt fram var det lagt til grunn ein reduksjon på 1,5 klasser i Sogn og Fjordane.

Vi ønskjer at dei 49 søkjarane som har Firda vgs. som fyrste val og som ikkje vil få eit tilbod, skal få det! Då må det gjerast endringar i opplæringstilbodet ved skulen for kommande skuleår slik flest mogeleg får gå på skule i heimkommunen sin. Vi ønskjer å vise til både tilbakemeldingane frå Firda vgs. og uttalen til Nordfjordrådet og ber om at desse vert tatt til følge.

Vi i Gloppen senterungdom, Gloppen AUF og Gloppen Unge Venstre ønsker at ein skal;
• Utvide gruppene i dans/drama til 15 elevar per klasse
• Utvide til 27 elevar på musikk
• Utvide med ei ekstra klasse ved skulen, anten ei heil ved studiespesialiserande eller ei halv studiespesialisering og ei halv klasse idrett

r

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags