EU-systemet; Plikt til konkurranse i stort og smått

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevHeilt sidan EU, eller EEC, som det først heitte, vart oppretta i 1957 har hovudmålet vore det same; å skape ein marknad som strekkjer seg over alle medlemslanda. Då må dei fire såkalla fridomane råde; fri rørsle for varer, tenester, arbeidskraft og kapital på tvers av grensene for medlemslanda. I følgje EU-tenkinga må kva som skal seljast på ein marknad, heile tida utvidast. At bilar og akebrett skal seljast på ein open marknad, tykkjer dei fleste er greitt. Mange stiller seg meir tvilande til om det er rett å leggje barnehagar, skuleverket og stell av bestemor ut på anbod, der den som har billegaste tilbodet skal få kontrakten.

Straff for brot på prinsippet. Når ein lagar lover, må ein også slå ned på dei som bryt lova. For at ikkje EU-marknadssystemet skal verte undergreve må ein slå ned på den som prøver å unndra seg den opne konkurransen. Kanskje eit land prøver å la bedrifter i eige land få ein føremon? Slikt må slåast ned på, raskt og konsekvent.

Svensk Bregott. I Kalmar kommune har dei brukt det lokale smøret Bregott på skiver og knekkebrød kommunen serverer til alle skuleungane. Men det er ”knape tidr” også i Kalmar. Når ungane møtte på skulen i haust, var Bregott bytt ut med margarin. Den stakkars rådmannen er pliktig til å lage budsjett i balanse. Då tel kvar ei krone. Rådmannen påla billeg margarin. Då skulle ein spare 494 000 kroner.

Folkeaksjon. Foreldre laga protestaksjon, som vart så vellukka at kommunen bakka og innførde Bregott att. Det var fleire argument i saka. Foreldra argumenterte med at Bregott var eit lokalt laga smør med lokalt råstoff, altså kortreist mat. Og dei brukar rapsolje, medan margarinen inneheld palmeolje. Og palmeoljeplantasjar krev nedhogging av regnskog. Og dei nyttar barnearbeid og diskriminerer kvinnene med dårlegare løn enn menn.

Pøbelen må ein ikkje bøye seg for. Å bøye seg for pøbelen ( peuple tyder folket på fransk) er farleg i eit demokrati. Ordføraren uttala: Det er ein farleg veg vi er ute på.

Det er vel slik i Sverige og at skal dei rike og mektige få skatteletten sin, så kan ein ikkje tulle bort 494 000 kroner. Då må sunt og kortreist, barnearbeid og kvinnediskriminering vike. Men ordføraren har vorte påverka av krafta i folkeaksjonen. Han skal kanskje oppattveljast. I alle fall har han tenkt viktige og nye tankar: – Vi har som mål att öka användningen av närproducerade, ekologiska och etiskt godtagbara varor i den egna verksamheten och vi vill verka för bättre miljö och ett bättre samhälle, säger han i ett pressmeddelande. Sjå det: Dette høyrest bra ut.

Men der kan kome nye rundar. Prinsippet om open konkurranse står over alt anna. Kommunen kan ikkje krevje at dei kommunale skulane skal kjøpe inn Bregott. Då vert Bregott-produsenten gjeve ein føremon framom andre svenske produsentar. Og dessutan er det direkte brot på EU-lova om open konkurranse å krevje at kommune skal kjøpe inn eit svensk smør. Let ein slike grove og prinsipielle lovbrot gå utan påtale, kan heile EU-systemet verte undergreve. Det er mange nok som er truande til å gje produsentar i eige land føremonar. Og EU-systemet er vaklevore nok som det er utan Bregott.

I Noreg. I fleire kommunar er det blåse til kamp for å hyve ut private selskap til å drive barnehagar, skular og eldreomsorg. Partiet Raudt/ Rødt er på vippen etter kommunevalet i 2015 mellom anna i Oslo. Eit ufråvikeleg krav frå Rødt var at private som driv for å tene pengar, skulle ut av barnehagar, skular og eldreomsorg når kontrakten dei har, går ut. Private ideelle organisasjoner, som Røde Kors og Blå Kors, kan få nye kontrakter.

Kva samfunn? Marknadskreftene har breia seg gjennom mange år. Mange studiar i mange land gjer greie for konsekvensar av privatisering. Over alt finn ein at auka privatisering gjev større ulikskap mellom ulike deler av folket. Kampen mot privatisering er ein kamp for at det offentlege skal drive den norske velferdsstaten. Utfallet av denne kampen betyr mykje for kva type samfunn vi skal ha i Noreg. Og denne kampen pågår i mange land; Bregott i Sverige er ein liten del av denne store kampen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags