Kunnskap i staden for mytespreiing om EU

KUNNSKAP: Vi må sjølve setje oss inn i saker knytt til EU og EØS. Og vi må arbeide utrøytteleg for at rett kunnskap skal vinne fram i konkurranse med mytespreiing frå folk i maktposisjonar, heiter det i uttalen frå årsmøtet i Gloppen Nei til EU. Bildet er frå .Hydro Aluminium i Høyanger.

KUNNSKAP: Vi må sjølve setje oss inn i saker knytt til EU og EØS. Og vi må arbeide utrøytteleg for at rett kunnskap skal vinne fram i konkurranse med mytespreiing frå folk i maktposisjonar, heiter det i uttalen frå årsmøtet i Gloppen Nei til EU. Bildet er frå .Hydro Aluminium i Høyanger. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFråsegn frå Årsmøtet i Gloppen Nei til EU 4. nov. 2019.

Heilt sidan striden omkring folkerøysting om EEC-medlemskap i 1972 har ja- kreftene fortalt kor vanskeleg norsk økonomi ville få det utan medlemskap: Vi ville ikkje få selt varene våre! Etter at Noreg hadde røysta nei til EEC-medlemskap i 1972 vart det forhandla fram ein handelsavtale i 1973, som sikra frihandel for industrivarer. Avtalen galdt ikkje for jordbruk og fiskeri. Eksporten vår under frihandelsavtalen gjekk utan problem. Åra gjekk.

Ja-partia ville ha ein ny avtale som la til rette for eit seinare norsk medlemskap i eit meir omfattande EU. EØS-avtalen vart forhandla fram og gjeld frå januar 1994. Fri rørsle over landegrensene for varer, tenester, kapital og arbeidskraft er kjernen i EØS-avtalen.

28. november 1994 vart det så på nytt folkerøysting om norsk medlemskap. Påstanden frå ja-sida var den same; utan EU-medlemskap ville vi ikkje få selt varene våre! Folket sa nei, og eksporten til EU gjekk som før strålande.

Medlemslanda i EØS kan seie avtalen opp med eitt års varsel. For Noreg vil frihandelsavtalen frå 1973 automatisk verte gjeldande om vi seier opp EØS. Det står klårt og tydeleg i paragraf 120 i avtalen. Å seie opp EØS er heilt enkelt, og handelsavtalen har vi. Og den gjev full tollfridom for industrivarer.

I samband med kommunevalet i år laga Nei til EU veljarundersøkingar. Eit spørsmål som vart mykje stilt: Trur du det vil verte innført toll på eksport av norske industrivarer til EU dersom EØS-avtalen vert sagt opp? 59 prosent svara Ja! 13 prosent svara nei, og 28 veit ikkje. Same tendensen fortel nei-folk på stand rundt om i Noreg; Svært mange av folk dei møtte og snakka med var sikre på at utan EØS-avtalen ville det verte lagt toll på norske varer som vert eksporterte til EU.

Ein kan verte imponert av ja-sida som har snakka usant i folkerøystinga 1972, har snakka usant ved innføringa av EØS-avtalen, har snakka usant i folkerøystinga i 1994 og gjer det heile tida elles også. Og framleis får storparten av folket til å tru på dei i spørsmålet om toll på industrivarer.

Folk trur på dei usanne påstandane om kor risikabelt det er å ikkje vere medlem i EU. Men samstundes røystar eit fleirtal imot medlemskap. Både i 1972 og i 1994. Ja-sida toler ikkje eit tredje nederlag !

Vi i Nei til EU, og i tillegg alle som er engasjerte i at informasjon til folket skal vere korrekt, må forstå at store deler av folket har tiltru til påstandar frå ja-sida om toll. Mange ja-folk er i maktposisjonar. Og mange av dei uttalar seg om kor dårleg det vil gå med Noreg dersom vi seier opp EØS-avtalen, og får store oppslag i media. Vi må sjølve setje oss inn i saker knytt til EU og EØS. Og vi må arbeide utrøytteleg for at rett kunnskap skal vinne fram i konkurranse med mytespreiing frå folk i maktposisjonar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags