EU har planar for Vestland

GODE KORT: Med bakgrunn i vår næringsstruktur med sterke verksemder innan sjømat, nyskapande verftsindustri, kraftkrevjande industri basert på fornybar energi og sterke FoU-miljø som samlar seg og søker internasjonale partnarar, har vi mange kort i ermet i møte med både krav og mogelegheiter som «den grøne avtalen» frå EU-kommisjonenvil føre med seg, skriv artikkelforfattarane.. Bildet er av batteriferja «Gloppefjord», som trafikerer Anda-Lote.

GODE KORT: Med bakgrunn i vår næringsstruktur med sterke verksemder innan sjømat, nyskapande verftsindustri, kraftkrevjande industri basert på fornybar energi og sterke FoU-miljø som samlar seg og søker internasjonale partnarar, har vi mange kort i ermet i møte med både krav og mogelegheiter som «den grøne avtalen» frå EU-kommisjonenvil føre med seg, skriv artikkelforfattarane.. Bildet er av batteriferja «Gloppefjord», som trafikerer Anda-Lote.

Av
DEL

LesarbrevLike sidan 1994 har EU laga planar som påverkar oss. Sjølv om vi sa «nei» til fullt og forpliktande medlemskap, er det stor oppslutnad om å halde på EØS-avtalen. Sist måling viser at om lag 67 prosent av alle nordmenn slår ring om denne avtalen, som er unik i verda. I byte med fri og friksjonsfri tilgang for laks og aure frå talrike oppdrettsanlegg langs kysten og i fjordane, har vi mellom anna forplikta oss som nasjon på ei rekkje minstekrav som kjem alle i landet til gode. Ja, det er tilsynelatande eit paradoks at det er EU som sikrar retten til nordmenn som får støtte til livsopphald frå NAV, til å opphalde seg utanfor Norges grenser.

Korkje pressa, politikarane eller Høgsterett såg den komme for eitt år sidan. Ikkje SV eller Senterpartiet heller. EU er eit juridisk bindande system og borgarane sine individuelle rettar er sentrale i heile EU.

EU-direktiva vert forma ut over lang tid og i ein omfattande prosess. Det er tre instansar som skal ha sitt ord med i laget før forordningar og direktiv blir fastsett. Det er EU Kommisjonen, som no vert leia av den tyske sosialdemokraten Ursula van der Leyen, som etter ein intern prosess fremmer saka for EU-parlamentet. Her sit 752 direkte folkevalde representantar frå alle den 28 EU-landa. Alle representantane tek del i ulike fagutval, omtrent som på Stortinget. Den tredje instansen er EU-rådet. Her sit representantar frå dei ulike regjeringane i medlemslanda og vurderer forslaga som kjem.

Torbjørn Wilhelmsen er ein av dei to artikkelforfattarane.

Torbjørn Wilhelmsen er ein av dei to artikkelforfattarane. Foto:

I realiteten snakkar ein i Brussel om trilogien, altså dialog + 1, mellom Kommisjonen, parlamentet og rådet. Gjennom prosessen i triologen, vert det søkt mot konsensus. Heile ni av ti lovforslag vert vedtekne etter ein vellykka triolog. Det seier seg sjølv at dette er omstendelege prosessar, og dette er både styrken og svakheita i EU. Svakheita er at det kan ta tid og at vedtaka blir utvatna. Styrken er at det ferdige vedtaket vil gjelda alle medlemslanda og dermed sikrar like vilkår for innbyggjarar og verksemder. Ei stor tilleggsverdi er at EU-marknaden er så stor at dei standardane som EU-landa blir samde om, ofte blir globale standardar – til glede for både folk og det globale miljøet.

Den store «snakkisen» no for tida er den varsla «Green new deal» frå EU-kommisjonen. Dette er van der Leyen sin sjølvvalde prøve som europeisk toppleiar. Vi snakkar om fleirfaldige tusen nye, grøne arbeidsplassar i eit næringsliv som skapar verdiar i tråd med berekraftsmåla. Det er EU som driv fram det grøne skiftet i både EU-landa og for Norge. I «den nye grøne avtalen» er det ikkje berre snakk om å redusere utsleppa av klimagassar, men vel så mykje om korleis vi skal snu nærings- og samfunnsliv i berekraftig retning. Politisk er det stadig fleire som snakkar om å gå frå «grå» verdiskaping til «grøn» verdiskaping. Sånn sett har EU mange planar på bordet som medlemslanda no skal ta stilling til.

Norge kjem heilt sikkert til å følge med på dette grøne lasset. Statsminister Erna Solberg sin nyttårstale bar tydeleg preg av at vi må førebu oss på kraftige endringar i åra som kjem. Dette er ikkje fjern framtid, det er no. Men EU heng ikkje berre opp klimapiskar. EU satsar enorme summar på forsking og utvikling, dei legg til rette for samarbeid mellom verksemder over landegrensene for grøn omstilling og produktutvikling.

Alt dette femner studentar og andre innbyggjarar i Vestland fylke, verksemdene våre og heile den offentlege sektoren. Med bakgrunn i vår næringsstruktur med sterke verksemder innan sjømat, nyskapande verftsindustri, kraftkrevjande industri basert på fornybar energi og sterke FoU-miljø som samlar seg og søker internasjonale partnarar, har vi mange kort i ermet i møte med både krav og mogelegheiter som «den grøne avtalen» vil føre med seg.

Det store spørsmålet vi må stille oss er om vi vil vere med å konkurrera om ressursane som ligg framfor oss, eller om vi skal isolere oss frå resten av Europa med oljerikdommen vår. Europarørsla meiner vi må auke innsatsen både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å gjere «den grøne nye avtalen» til eit prosjekt vi med stoltheit kan fortelje våre barnebarn om. Våre foreldre og besteforeldre vann krigen mot nazisme og fascisme. Vår generasjon kan vinne krigen for klimaet og den globale rettferda – ikkje åleine men saman med våre beste vener og allierte i EU.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags