Ja-ekspertar, EU og EØS

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDet er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Ekspertar må kunne underbyggje spådomane sine med mykje og solid kunnskap. Med tida får ein sjå kor godt ekspertar treffer. Dei som treffer godt, aukar ekspertstatusen sin. Og motsett; bomskot etter bomskot svekkjer truverdet deira.

Kort historikk.

Då fleirtalet i Noreg 25. september 1972 røysta nei til EF- medlemskap, var det ei stor overrasking for mange. Storparten av makta, både den politiske og den økonomiske, og storparten av massemedia kasta store ressursar inn for å få eit ja-fleirtal. Men så røysta 53,5 prosent nei. Valdeltaking 79,2 prosent. Ekspertane på ja-sida slo straks fast at no hadde det dumme folket valt ei sørgjeleg framtid for landet vårt. Stagnasjon venta! Men ein handelsavtale kom greitt på plass, og Noreg hadde framgang. EF arbeidde vidare med mål om ein politisk union. Det var klårt at det ville kome ei ny avrøysting om norsk medlemskap. Både ja- og nei-sida kvesste våpna. Nei-sida skipa ”Nei til EU” i 1990, ein demokratisk medlemsorganisasjon. I 1992 utvida EF samarbeidsfelta vesentleg og vedtok Maastricht-traktaten, ein unionstraktat, og EF vart til EU, Den europeiske union.

EØS- avtalen.

Ja- sida hadde solid kontroll på Stortinget, og statsminister Gro Harlem Brundtland fann at det ville vere taktisk lurt å ta steget inn i EU i to trinn; først late Stortinget vedta ein avtale som fekk dei fire grunnleggjande prinsippa i EU på plass; Varer, tenester, arbeidskraft og kapital skulle kunne flyte fritt inn og ut av Noreg. Dette var eit stort steg mot å gjere Noreg EU-likt. Dermed skulle det gå greitt å få fleirtal for å ta siste steget, Noreg som fullt medlem i EU. 16. oktober 1992 godkjende Stortinget EØS-avtalen med 130 mot 35 stemmer. Ein del viktige felt skulle Noreg styre sjølv, som landbruk, fiskeri og pengepolitikken. 19. november 1992 vedtok Stortinget med 104 mot 55 stemmer å søkje om norsk medlemskap i EU.

Ekspertane like kloke og folket like håplaust dumt

Heller ikkje denne gongen var det måte på kva negative følgjer eit nei ville få for Noreg, fortalde mange slags ekspertar oss. Og dei formulerte presise skremselspunkt; 100 000 arbeidsplassar ville forsvinne på momangen. Folkerøystinga 28. november 1994 gav 52,2 prosent nei. Valdeltaking 89 prosent. Igjen dette håplause folket.

Men så gjekk det svært bra for Noreg, med auka sysselsetjing.

Tida etter 1994.

EU hadde fine mål; Der skulle alle land oppleve god framgang. Nei- sida vart latterleggjord når det vart peika på at EU-konstruksjonen med svakt demokrati og stor makt til kapitalen ville måtte gje ulik utvikling i ulike land. Slike analysar kom lite fram i dei store media der ja-ekspertane dominerte. Men EU vart ikkje den raskast veksande økonomien i verda. EU opplevde ikkje full sysselsetjing. I land som Spania, Portugal og Hellas gjekk det særleg ille. Etter som statar i Aust-Europa vart EU-medlemer kunne kven som helst reise til betre betalte jobbar i vest, eit gode for den som fekk auka inntekter. Men arbeidsvandringa hadde også andre konsekvensar, som vart særleg tydelege i dei små baltiske landa. Kvar fjerde litauar har forlate heimlandet. Og no har vi fått Brexit, og negative haldningar overfor EU veks i mange land. Men ja-ekspertane ser framleis berre ein mogeleg veg vidare, alle må med i EU, også Noreg. At Noreg har hatt ei mykje betre utvikling enn EU, svekkjer ikkje trua til ja-ekspertane.

Vil Noreg få problem utan EØS?

Bilaterale handelsavtalar, altså avtalar mellom to og to land, er den dominerande måten å organisere handel på. Det gjeld også for EU, som har over 30 aktive frihandelsavtalar, nesten alle tosidige. Dei som har slik avtale, må ikkje underkaste seg deler av lovene i EU, slik EØS-landa må gjere. EØS var ikkje laga for at den skulle vere ein varig avtale, men eit steg på vegen til fullt EU-medlemskap. Avtalen gjev partane høve til å seie den opp. Etter oppseiing tek det eitt år før avtalen ikkje gjeld lenger. Seier Noreg opp EØS, skal handelsavtalen frå 1973 automatisk takast i bruk att. Denne avtalen treng då ei omfattande ajourføring. Noreg er ein svært god kunde hjå EU. Vi sel viktige varer som EU treng, som energi og fisk. Og om vi held energi utanfor, kjøper vi vesentleg meir frå EU enn dei kjøper frå oss. EU og Noreg er gode naboar, og begge sider vil halde fram vår store samhandel og anna samarbeid ut frå eigeninteresse. I desember 1992 sa Sveits nei til EØS-avtalen. Handel og anna samarbeid mellom EU og Sveits har halde fram utan problem og har utvikla seg positivt i same omfang som handel og samarbeid mellom Noreg og EU. Ingen kan hevde at Sveits har hatt nokon ulempe av å ikkje vere med i EØS.

Haldninga til EØS i Noreg

Makta, både den politiske og økonomiske, og ei stor overvekt av massemedia fortel heile tida at Noreg er avhengig av EØS- avtalen. Denne påstanden vert ikkje meir sann ved at den vert framsett og framsett og framsett. EØS undergrev norske lover, for EU-lover har på mange felt forrang gjennom EØS. Dette undergrev det norske demokratiet. Vi ser det tydeleg i viktige deler av arbeidslivet som bygg og anlegg, der det vert meir og meir uryddige tilhøve. LO- kongressen synte aukande skepsis til EØS, men der vart ikkje reist krav om oppseiing. Fleire og fleire i Noreg stør at det vert ei folkerøysting om å seie opp EØS- avtalen. Paragraf 127 i avtalen slær tydeleg fast at partane kan seie opp EØS. I Noreg gjer Stortinget slikt vedtak med alminneleg fleirtal. Det vil ta bort mange hindringar som EØS stiller opp for at Noreg skal styrast etter norske lover. Kravet om oppseiing fører til aukande fokus på EØS. Folk vil tileigne seg meir og meir kunnskap. Sjølv om ja- sida vil arbeide intenst for å halde EØS borte frå valkampen til hausten, trur eg ikkje dei greier det.

Kva truverde har ja-ekspertane att?

At ekspertane på ja- sida tok skammeleg feil når dei spådde norsk elende etter folkerøystingane i 1972 og i 1994, har ikkje redusert desse ekspertane sitt engasjement for å fortelje same feilspådomen fleire gonger. Makta i Noreg, både den politiske og økonomiske, lønte og løner ekspertane for feilspådomane deira. Etter som problema i EU veks gjev meiningsmålingar ja-folka lita von om å få Noreg innmeldt i EU. Men dei klamrar seg til EØS-avtalen, det første steget mot medlemskap. Interessa for å setje seg inn i avtalen, kva konsekvensar den har, og kva både positive og negative konsekvensar det kan verte av å seie den opp, veks. Fleire og fleire stør at det vert halde ei folkerøysting om å seie opp EØS-avtalen. Dette lovar godt, og eg gler meg alt til at fleirtalet i Noreg vil kome fram til at Noreg greier seg framifrå utan husmannskontrakten EØS.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags