Er vår kamp for likestilling for oss eller for andre?

Av
DEL

LesarbrevKva blir lagt i ordet «Kvinnekamp» i det moderne Noreg? Handlar det å bruke ein kampanje mot seksuelle overgrep og trakassering til å rettferdiggjere alvorlege skuldingar mot menn? Handlar det om eit lønsskilje skapt fram av folks val, utdanning, konkurransevilje og prioriteringar? Handlar det om retten til å ta uønskte liv på det grunnlag at det eksisterer inne i deg?

Eg kan nok ikkje svare ja eller nei på alle desse spørsmåla. Finst diskriminering basert på kjønn i Noreg? Absolutt. Det er derfor vi har lover mot det. Blir #metoo brukt for å rettferdiggjere alvorlege skuldingar mot menn? Det er nok tilfelle for det, med dei som legg skuld på heile etnisitetar. Det er noko som ein kampanje som har løfta fram trakassering og overgrep ikkje fortener.

Det vil nok og vere eit lønsskilje når ein reknar med val, utdanning, konkurransevilje og prioriteringar, men det blir vanskeleg å seie om det er andre faktorar involverte, inkludert diskriminering. Det er godt det eksisterer lover mot diskriminering i arbeidslivet. Sist år, så var endring i abortlova noko som blei eit tema. Det blei eit mørkt kapitel i kvinnekampen, sidan det var ein kamp for diskriminering av ei annan gruppe. Men det blir det også når retten til liv blir oversett på grunn av andre sin rett til sjølvbestemming. Blir kampen for likestilling ein kamp med søkelys på oss?

Tar vi noko stilling til kvinners situasjon i andre land eller i andre kulturar? Det er nok mange som gjer, men kjem det tydeleg fram på norske gater? Eg vil ikkje peike finger på nokon. Det eg vil løfte fram er ekte kamp for likestilling. Kamp for større økonomisk moglegheit for kvinner i land der dette ikkje eksisterer. Kamp for kvinners rett til sjølvbestemming og familieplanlegging i kulturar der mannen er plassert over. I fjor så var Sogn og Fjordane det fylket som gav mest per innbyggar til TV-aksjonen. Sidan det gjekk til eit formål som arbeida for kvinner i land der dei på riktig er undertrykte, så har vårt fylke gjort eit godt arbeid for kvinners rett.

Igjen, folk kan jo kjempe for kvinners rett i eit samfunn der menn og kvinner har omtrent like rettar og like mange utfordringar. Eg er glad for at Sogn og Fjordane er eit fylke med eit gåvmildt folk, og det er flott at vi kan kjempe for likestilling både heime og i utlandet.

Eg anerkjenner dei utfordringar menn og kvinner har i det norske samfunnet, men desse er og små i samanheng med korleis situasjonen er ute i verda, samtidig som at nokre av desse er saker eg ikkje kan støtte. Grunnen til at eg uttrykker meg her, er for å vere med i å skape eit meiningsmangfald.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags