Er kommersielle aktørar viktigare enn folkehelsa?

Å utvide salstidene for alkohol i daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet mykje sannsynleg fører til auka alkoholkonsum, skriv Einar Solheim.

Å utvide salstidene for alkohol i daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet mykje sannsynleg fører til auka alkoholkonsum, skriv Einar Solheim. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Vi som er opptekne av folkehelse og trygge oppvekstvilkår for born og unge opplever Høgre sitt utkast til partiprogram som direkte uforsvarleg.

I utkastet føreslår dei m.a. å redusere alkoholavgifter, oppheve forbodet mot å drikke alkohol på offentleg stad, utvide alkoholsal i butikk fram til klokka 23, samt å halde Vinmonopolet ope til klokka 20 på kvardagar og laurdagar.

I Norge har vi hatt ein lang og god tradisjon for at alkoholpolitikk er helsepolitikk, og å føre ein forsvarleg alkoholpolitikk som set omsynet til folkehelse, tryggleik og trivsel først. Med åra er denne utvatna på fleire område.

I programforslaget sitt vektlegg Høgre næringsinteresser framfor folkehelse.

Forslaget deira er svært urovekkande. Spesielt fordi vi veit at det å redusere avgiftene på alkohol og utvide salstidene i daglegvarebutikkar og på Vinmonopol mykje sannsynleg fører til auka alkoholkonsum.

IOGT er uroa for at Høgre no, endå meir enn før, med sin alkoholpolitikk bidreg til å skape ein meir utrygg kvardag for mange familiar og sårbare grupper.

Heilt greitt, tenkjer kanskje mange, men så er det altså påvist at det er ein samanheng mellom bruk og skader. Økt alkoholkonsum fører til fleire alkoholrelaterte dødsfall, vald, ulykker og sjukefråvær.

Konsekvensane av alkoholbruk og alkoholrelaterte skader slår skeivt ut og råkar dei med lågast sosioøkonomisk status hardast.

Dette bidreg til auka sosiale skilje i helse!

Høgre har slutta seg til målet om 10 prosent reduksjon innan 2025, men korleis vi skal greie det utan å auke pris og redusere tilgang er ei gåte. Lat no heller dei som vil ta seg bryet å dra til Sverige å handle billegare gjere det! Dei fleste av oss gjer jo ikkje det.

Høgre snakkar også mykje om å styrke ettervernet av dei som er behandla for rusproblem. IOGT meiner det er betre å førebygge!

Det kan vere at Høgre ser det som et utbreidd ønske frå befolkninga å gjere alkohol billegare og meir tilgjengeleg. Tvert imot viser forskinga at andelen i befolkninga som støttar ein restriktiv alkoholpolitikk både er høg og aukande. 5 på gata undersøkingar t.d. er etter mi meining ikkje til å stole på. Eg trur mange kvir seg like mykje for å støtte eit alkoholrestriktivt syn der, som å seie nei til alkohol i festleg lag! Dessverre.

Høgre sitt forslag om å oppheve forbodet mot å drikke alkohol på offentleg stad er også svært uheldig. Det er rart at dei ikkje ser viktigheita av at parkar, kultur- og idrettsarrangement, og andre fellesarenaer vi har i samfunnet vert opplevde som trygge og inkluderande, ikkje minst for born og unge.

Høgre sitt programforslag set ikkje berre næringsinteresser framfor folk sin trivsel og tryggleik, men er også eit stort steg i feil retning for at vi skal klare å redusere alkoholkonsumet.

Erfaringane med pandemien i 2020 har til dei grader vist oss kor viktig det er å få ned alkoholforbruket, og kor mykje enklare mykje hadde vore om alkoholbruken ikkje var ein så stor del av folk sin kvardag og helg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken