Er det OK å sette opp eit bygg som gjer at naboane får sol berre 50 minutt midt på sommaren?

Naboane til  til Gravdalsgruppa sitt leilegheitsprosjekt i Lindhagen meiner bygget vil ta frå dei sola.

Naboane til til Gravdalsgruppa sitt leilegheitsprosjekt i Lindhagen meiner bygget vil ta frå dei sola.

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Er det i orden at nokon får bygge eit bygg som er seks meter høgare enn nabobygget? Og at naboar dermed får 40 til 50 minutt sol sjølv midt på sommaren?

Dette kan bli konsekvensen dersom utbygging i Angedalsvegen 6 går gjennom i kommunestyret på torsdag.

I korte trekk vil plasseringa av bygget på tomta, i tillegg til byggehøgda, føre til at naboar får 40 til 50 minutt sol om dagen. Vi undrar oss over at planavdelinga og politikarane i formannskapet allereie har gått god for dette.

Kvifor blir det slik?

I denne saka har ein brukt alle dei rette kanalane. Møte med planansvarleg, møte med alle dei politiske partia der saka har blitt lagt fram på ein skikkeleg måte, informasjon om konsekvensar har blitt lagt fram. Det er
ingenting som tyder på at dette ikkje kunne blitt løyst på ein betre måte.

Ja, kvifor det blir slik kan ein jo berre undre seg over.

Vi utfordrar politikarane i kommunestyret om å spørje seg sjølv om dei ville ha godtatt at deira nærmaste nabo gjorde dette, om dei sjølve blei utsett for dei same konsekvensane. Er svaret nei kan dei ikkje godkjenne planen slik den ligg føre.

Dersom det er slik fortettinga i Førde skal skje bør ingen flytte til sentrum. Innbyggjarane i Førde kan ikkje føle seg trygge på at dette kjem til å skje med dei – eller nokon dei kjenner. Dei kan ikkje vere trygge på at den
største og viktigaste investeringa dei gjer i livet sikrar den bukvaliteten, livskvaliteten og økonomiske tryggleiken dei skal ha.

Vi oppfordrar politikarane til å ta ansvar slik at det kan vere trygt for folk å kjøpe bustad i sentrum også i framtida.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken