Er de redde for folkemeininga?

 REDDE: I SV spør vi oss kva dei er redde for? Er det folkemeininga? Eller er det at kommunestyret skal få seie meininga si? Spørsmåla blir stilt av Åsmund Berthelsen (bildet) og Magne Aardal til gruppeleiarane i Sunnfjord kommunestyre,  ein av dei er Jenny Følling, Sp, (t.h.)

REDDE: I SV spør vi oss kva dei er redde for? Er det folkemeininga? Eller er det at kommunestyret skal få seie meininga si? Spørsmåla blir stilt av Åsmund Berthelsen (bildet) og Magne Aardal til gruppeleiarane i Sunnfjord kommunestyre, ein av dei er Jenny Følling, Sp, (t.h.) Foto:

Av
DEL

LesarbrevSV vil at Sunnfjord kommunestyre skal få høve til ein samla debatt om Førdepakken. Dette har fått gruppeleiarane i fleire parti og ordføraren til å kome med heilt grunnlause påstandar om konsekvensane av SV sitt ynskje. Alt frå at det trugar alle gode tiltak som vil sikre mjuke trafikantar, til at det mest vil ta menneskeliv. I SV spør vi oss kva dei er redde for? Er det folkemeininga? Eller er det at kommunestyret skal få seie meininga si?

Med kostnadssprekk og inntektssvikt er Førdepakken alt i spel. Inntektssvikt løyser ein på lettast mogleg måte, med å auke bompengane. Med kostnadssprekken er det verre. Førebels er sprekken på kring 50 mill kroner. Truleg vert det meir, med den løysinga som er valt for bru over Jølstra ved Førdehuset. Held dette seg, vil det ikkje vere pengar til tilak 20, bru frå Øyrane til Halbrendsøyra. Det er eit tiltak alle seier dei vil ha, ikkje minst fordi det vil styre ein god del trafikk utanom sentrumskjerna.

Det må skje noko med dei andre tiltaka, eller ei omprioritering om dette tiltaket skal gjernnomførast. For SV er dette ein viktig grunn til at kommunestyret bør få Førdepakken på bordet, for å sjå heilskapen og dei ulike tiltaka i samanheng. Kommunestyre må få høve til å vurdere om ein verkeleg er på veg mot målet om «å sikre ein miljøvennleg og stabil trafikksituasjon i Førde» og å «leggje til rette for fortetting og byutvikling.»

SV meiner også det er grunn til å sjå på dei folketals- og trafikkprognoser som Førdepakken bygger på. Vi ynskjer å få fram oppdaterte prognoser og framskrivingar. For oss virkar det som ein ikkje har lagt inn ei utvikling av kollektivtilbodet og at folk skal gå og sykle meir. SV er fullt klar over at det ikkje er alle tiltaka det er mogleg å gjere noko med. Og det er nokre som det ikkje skal gjerast noko med, og der gjennomføringa må sikrast gjennom ei eventuell omprioritering eller ei endring.

Alle byar vil utvikle bylivet i sentrum. Og dei legg planar mest utan biltrafikk i sentrumsområde. Dei gjer alt som er mogleg for å avgrense biltrafikken.

I Førde gjer ein det motsette. Veldig bra at det vert betre for både gåande og syklande. Men det vert lagt til rette for endå meir biltrafikk, og den vert endå meir spreidd.

Det meiner SV er feil og meiner difor at det er løysinga med bilbru over Løken og bilbru over Jølstra ved Førdehuset som er tiltaka ein må sjå nærare på. Og SV vil ha ei skikkeleg og seriøs vurdering av tunnelløysing i Hafstadfjellet, kombinert med parkeringshus.

På toppmøte for kommunepolitikarar i Norge for nokre dagar sidan vart det understreka at vi må tenkje nytt for å nå berekraftmåla til FN, ikkje minst for å få ned klimautsleppa og oppnå nullutslepp. Kor står Førdepakken i denne samanehengen?

Klimaplanen for Sunnfjord seier 40 prosent reduksjon i klimautsleppa fram til 2030. Med det siste frå regjeringa må vi opp i 50 prosent fram til 2030. Dette er også ein viktig grunn til å vurdere Førdepakken og tiltaka som ligg i den.

Vi kan ikkje røre noko i Førdepakken, vert det sagt. Alt heng saman med alt. Og det er Statens vegvesen som avgjer. Men Statens vegvesen kan då ikkje vere så allmektige. Om politikarane vil noko anna, så må dei også bøye seg for det. Statens vegvesen må vel også vere i stand til å tenke nytt, og medverke til å utvikle bylivet i Førde!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags