Uansvarleg av Sp å rote med EØS avtalen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevSp sine tøvete utspel om å sei opp EØS avtalen er skadeleg og uansvarleg. EØS avtalen sikrar norsk næringsliv tilgang til marknaden i EU som er vår viktigaste marknad både for industrivarer, tenester og sjømat, medan jordbruk og fiskeri etter vårt ynskje er halde utanfor. I 1992 då EØS avtalen blei inngått, var det 12 land i EU som skulle godta den. Truleg var vi heldige med tidspunktet.

I dag er det 28 land på den andre sida av bordet og mange fleire interesser som skal takast om syn til. I fleire av dei nye medlemslanda er landbruk viktig eksportnæring, i enkelte land viktigaste eksportnæring. Det er ikkje sikkert at desse landa, som ikkje er så rike som oss, synst det er rimeleg at rike Norge skal ha alle rettar for sine industriprodukt, men stenge grensa for import av jordbruksprodukt? Kan vi risikere at Sp sitt mas om å seie opp eller reforhandle EØS avtalen finn gehør frå EU land som har heilt andre ynskjer enn vi om kva som bør endrast?   

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags