Sei opp EØS-avtalen!

NOK: Nei til EU i Sogn og Fjordane sitt årsmøte har vedtatt støtte til fagrørsla sine protestar mot EØS. Nei til EU vil seie opp avtalen.

NOK: Nei til EU i Sogn og Fjordane sitt årsmøte har vedtatt støtte til fagrørsla sine protestar mot EØS. Nei til EU vil seie opp avtalen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er no 25 år sidan EØS-avtalen blei gjort gjeldande for Noreg. Avtalen var meint som eit springbrett for Noreg inn i EU, men slik gjekk det heldigvis ikkje. Noreg sa Nei til EU 28. november 1994!

Den vetoretten som EØS-tilhengarane dekka seg bak, er berre forsøkt brukt ein gong – mot EU sitt postdirektiv, og er berre eit skalkeskjul. Med EØS-avtalen kjem ein flaum av forordningar og direktiv som direkte påverkar det norske samfunnet – ikkje minst arbeidslivet; med billeg arbeidskraft frå Aust-Europa og utstrakt bruk av sosial dumping.

No har også Fellesforbundet avd. 5 i Bergen fått nok og krev at EØS-avtalen blir sagt opp! Bakgrunnen er den stadige forverringa av forholda i arbeidslivet og overstyringa av norske lover og regelverk gjennom EØS-avtalen.

Verkstadovereinskomsten frå 1907 om dekning av reise, kost og losji for tilreisande arbeidar, er sett ut av kraft. Hamnearbeidarane har fått sine løns - og arbeidsvilkår forverra og ESA har overstyrt norsk Høgsterett i verftsdommen frå 2013. Og dette er berre toppen av isfjellet!

Nei til EU er glad for den kursendringa vi no ser innanfor fagrørsla. Vi håpar Fellesforbundet avd. 5 si kursendring vil få ringverknadar og føre til eit massivt krav frå heile fagrørsla om at det norske samfunnet ikkje er tent med EØS-avtalen. Den må seiast opp og erstattast med betre avtalar!

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags