EØS-avtala, ei munnkorg for norsk demokrati

SU sitt landsmøte 2018

SU sitt landsmøte 2018 Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev20. august skreiv fylkesleiar i Unge Høgre, herr Leite Olsen, om at EØS-avtalen er bra for norsk eksport og Noregs velferdsstat, samt med å nemne SP sin talemåte omkring arbeidsinnvandring. Olsen nemner også at «skummet i fløten» blir diskutert for mykje, i motsetning til sjølve fløyten.
 

Derfor vil eg vise til EØS avtala frå ein anna vinkel, samstundes som eg tek opp den sure EU-fløyten, som i dag kvalmar vårt demokrati, vitrar arbeidslivsmodellen vår, og slettes ikkje bidrar til auka velferd.

For det første er EØS avtala som ei munnkorg for norsk demokrati. Blindt må Stortinget godta lovar som nordmenn ikkje får handheve seg i. I teorien har Noreg reservasjonsrett, men i frykt av EU sitt sinne har den aldri vore brukt (i praksis), og innføringa av EU lovar i Noreg er ein skammeleg prosess. Gjennom at lovar som ikkje omfattar eksisterande regelverk blir godtatt av regjeringa, og ikkje Stortinget, blir våre folkevalde ikkje inkludert i store delar av innføringa til EU lovar. Meir udemokratisk visar EØS seg å vere når ein tenkjer på at den ikkje blei forhandla fram med eit sikkert fleirtal i folket. Etter at Noreg stemte imot norsk EU-medlemskap i 1994 vart Brundtland blitt litt lei, og valte derfor ikkje å inkludere det norske folk om EØS. Resultatet er ein EØS-avtale med småleg demokratisk grunnlag.

Men det stoppar ikkje der. For EØS er også ein pinne i bakenden til arbeidaren. Dette er den på mange måtar, men det ordet eg tykkja sumerar det best er: bemanningsbyråer. Tariffavtaler og faste tilsette pleidde å vere standarden i den norske arbeidsmodellen. EØS har heller bidratt til auka bruk av mellombelse og usikre tilsetjingar. Mykje av grunnen til dette er implementeringa av EUs vikarbyrådirektiv som svekkjer arbeidarens forhandlingsevne og ser på vikarbyrå som arbeidsgivaren i motsetning til oppdragsgivaren.

EØS er heller ikkje eit verktøy for forbetring av norsk velferd, men heller ein pengeslukande parasitt som oppfordrar til oppretting av såkalla NUF-selskap, eller norsk registrerte utanlandske føretak. Desse unngår aktivt å betale sin rettmessige del av skattepengar til den norske stat, og vel heller å betale skatt på plassar kvar det er billigare. I 2009 føreslå skatteunndragelsesutvalget å forby slike selskap, men grunna EØS vart dette uaktuelt. Seinast som i mars i år vart det avslørt misbruk av NUF-ordninga (Minibankuttak avslørte storstilt skattesvindel, NRK). Desse skattepengane kunne mykje heller bidratt til norsk velferd om ikkje EØS hadde tillat slik verksemd.

Til slutt, er det verdt å nemne at Olsen sitt hovudpoeng omhandlar handel. Her anerkjenner eg verdien til EØS. Det er sant at EØS utgjer ein fordel for norsk eksport. Men, vi er på ingen måte avhengig av denne, og i lys av alle ulempene som blei vist, så er det ikkje verdt å behalde EØS. Noreg bør heller satse på ein ordinær handelsavtale med EU, som ikkje fratar røysta og makta til nordmenn.

La oss sjå framover, men la oss gjere dette utan EØS og den tunge bagasjen som følgjar med. Ola, Kari, Abdi og Aila Nordmann har det best når dei bestemme over seg sjølve, ikkje når Brussel gjer det for dei.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags