Forventar at Venstre stoppar deponiplanane

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEtter at Venstre har fått innpass i regjering, kvitterer dei nye regjeringsmedlemmane med å kaste seg på den nye trenden: «NEI til Nei til deponi i Førdefjorden» som no rullar gjennom partiet. Eg forventar at Venstre gjer alt dei kan for å stogge deponiplanane, og eg forventar faktisk at dei klarar det.

For: «Nei, Nordic Mining har ikkje fått noko løyve», slik mellom anna Atle Hamar og Ola Elvestuen hevdar (ref: Firda, NRK og klassekampen 17.01.18). Dei har berre fått eit midlertidig utsleppsløyve, også dette med store og viktige atterhald. Dersom Venstre les seg opp på endringane i prosjektet til Nordic Mining, so vil dei fort finne nok til å stogge deponiplanane for all framtid. Om Elvestuen meiner dette ikkje er nok, kan han byrje med å krevje igangsett utgreiingane som Nordic Mining endå ikkje har gjennomført, mellom anna på laksesmolt, kjemikaliar osb. Kunnskap er makt, og kvar ny dag utan deponi i Førdefjorden er ein god dag.

At Nordic Mining no har nedskalert prosjektet kraftig er ei gåvepakke til Førdefjorden, men ikkje utan at vi stiller krav som er tilpassa «den nye verkelegheita». Prosjektet er no so redusert at der ikkje er behov for deponi i sjø lenger. Det må få konsekvensar for eit endeleg løyve! Nordic Mining kan då ikkje få halde på nett som det passar dei utan noko form for offentleg kontroll? Nordic Mining har no gjentekne gongar stadfesta reduksjon i deponibehovet på 70 % årleg, og ein mogleg reduksjon på kjemikalibehovet på 98%(har dei ikkje rekna på dette før, eller har dei bytta kalkulator?). Kva skal dei då med det utsleppsløyvet dei har søkt om? Har verda gått heilt av hengsla?

Engebøprosjektet er framleis, som det har vore heilt sidan Fjord Blokk og Conoco Dupont si tid, eit skisseprosjekt. Utsleppsløyvet skulle aldri vore gjeve, og må snarast trekkast attende. Lukka gruve og deponifri løysing må krevjast, sjølvsagt. Og so må Nordic Mining bevise at dei faktisk klarar å utvinne det mineralet dei søkjer om, det vil sei at den endelege industrielle prosessen må leggast fram og kvalitetssikrast. Fyrst då veit vi kva kjemikaliar dei faktisk kjem til å trenge. No er det ingen som har eit snev av aning.

PS! Inntektene til Naustdal kommune dersom dette prosjektet kjem i gong er so godt som kr 0,- særleg etter fjerning av «maskinskatten». Kva er det då ordføraren kjempar for lenger? Samstundes risikerer ein eksisterande «gullgruver» innan mellom anna turisme, havbruk og fiskeri. Eg forstår ikkje kva som går av verken kommune, fylke eller regjering når temaet Engebø kjem på bordet. Då verkar all fornuft til å vere kasta på over bord, på sjøen, ute av syne ute av sinn.

No må Venstre halde fast i miljøroret, kva skulle dei elles med det? Historia hugsar ikkje dei som gav seg, men dei som heldt fram.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags