Framtidsretta vedtak, Myrvang?

SUNNFJORD: Ole Erik Thingnes ber om at Engebø-saka blir overlaten til Sunnfjord kommune. Åsmund Berthelsen (midten.) har tidlegare bedt om det same. Her er dei i dialog med Tore Viana-Rønningen i Arctic Mineral Resources.

SUNNFJORD: Ole Erik Thingnes ber om at Engebø-saka blir overlaten til Sunnfjord kommune. Åsmund Berthelsen (midten.) har tidlegare bedt om det same. Her er dei i dialog med Tore Viana-Rønningen i Arctic Mineral Resources. Foto:

Av
DEL

MeiningarNaustdal Kommune hadde 17.06. informasjonsmøte i Naustdal, der mellom andre Direktoratet for mineralforvalting (DMF), Miljødirektoratet (Mdir), og NGU deltok. Tema: Mineralutvinning på Engebø. Det var eit minneverdig skodespel.

Rådmannen i Naustdal var spesielt i forsvarsposisjon, og la stor vekt på at administrasjonen gjer som dei har fått beskjed om, og handterer framlegg til planar frå Nordic Mining (NOM) i tråd med vedteken politikk. Det skal eg ikkje trekke i tvil, men er det slik demokratiet skal fungere? Kommunale vedtak fatta for 8 år sidan legg føringar for alt som omhandlar NOM sitt prosjekt på Engebø i Naustdal kommune. Men også alt anna som omhandlar det regulerte arealet. Er det i tråd med dagens situasjon, og ikkje minst folkeviljen?

Den einaste som hadde teke inn over seg AMR sine planar var Korneliussen frå NGU. Han hadde nokon interessante betraktningar å kome med. DMF og Mdir viste stor vilje til å late kommunale vedtak styre mykje av prosessane deira. Men dette legg eit enormt ansvar på dei kommunale prosessane, og kor gode vedtak som der vert fatta. Har ordførar Håkon Myrvang rett i at Naustdal kommune ikkje kan gjere noko anna enn å spele med? Har vi ikkje lov å lære?

Naustdal kommune går 01.01.2020 saman med Gaular, Jølster og Førde til nye Sunnfjord Kommune. Då er det den nye kommunen som skal handsame alt som har med arealplanar å gjere. Naustdal kommune hastar no vidare med å handsame eit forslag til detaljregulering, levert av NOM, med vesentlege endringar i høve vedteken plan frå 2011 (reguleringsplan for mineralverksemd på Engebø). Ei slik detaljregulering vil vere eit stort skritt i retning av å tilpasse arealplanane til NOM sine ynskjer. Spørsmålet ein lyt stille seg er om dette er i tråd med kva innbyggarane ynskjer? Er dette framtidsretta og klokt? Alle konsekvensar av eit vedtak i Naustdal vert overlate til Sunnfjord kommune å handtere. Det skulle ein tru Sunnfjord kommune meiner noko om. Problemet er at Sunnfjord kommune eksisterer ikkje før 01.01.2020. Mitt spørsmål vert då, er det rett av Naustdal kommune å gjere drastiske grep med potensielt enorme konsekvensar so tett opp til ei samanslåing?

Om ikkje Sunnfjord kommune, representert ved fellesnemnda, torer å ta i denne saka no, kva konsekvensar kan det få for nettopp Sunnfjord kommune etter 01.01.2020? Eg har stor forståing for at fellesnemnda har eit enormt press på seg til å levere ei suksessfull samanslåing, og eg har stor forståing for at Naustdal Kommune har eit stort press på seg til å levere velferdstenester og kommunale oppgåver, i ei på mange måtar svært hektisk tid. Men igjen, er dette tida for å avgjere framtida til det som vert hevda er eit i nasjonal målestokk stort mineralprosjekt? Har Naustdal kommune kapasitet til å handsame dette korrekt, og godt nok?

Eg kjenner som politikar i Naustdal kommune på eit enormt press i denne saka. Det har vore slik sidan 2006, då NOM kom på bana. Rett nok ikkje samanhengande, men i forkant av alle viktige avgjerder i saka, så har vi brått forferdeleg dårleg tid, og enorme mengder sakspapir å lese gjennom på svært kort tid. Vi må stadig skunde oss å gjere vedtak, eller «så stoggar det opp». Kva stoggar opp? Har det verkeleg hasta slik å gjere desse vedtaka? Hasta det i 2007 (planprogram for konsekvensutgreiing), eller i 2009 (konsekvensutgreiing), eller i 2011 (reguleringsplan etc.)? Eller hasta det for regjeringa og departement i 2013, 2015 eller 2016? Kva har skjedd i mellomtida?

Det som faktisk har skjedd er at tida har gått, Førdefjorden er like rein, og no viser det seg at føresetnadane for heile saka var feil. Det ER mogeleg å drive økonomisk forsvarleg utan å kappe toppen av Engebøfjellet, og det ER mogeleg å drive utan å fylle Førdefjorden med avfall og slam (Mdir sine definisjonar, om nokon skulle lure på det). Det er no kome eit nytt selskap på bana, AMR, som hevdar dei kan gjere dette. Selskapet består av grunneigarar på Vevring sida av Engebøfjellet, samt eit Oslobasert selskap, SLM, som driv med utvikling av mineralprosjekt. Ikkje berre hevdar AMR at dette går heilt fint, men at det vil genererer fleire arbeidsplassar over tid (50år +), nær 100 prosent ressursutnytting, og ikkje minst utan å trenge deponi verken på land eller i sjø. Dei vil mellombels lagre all overskotsmasse i fjellet, som ein utnyttbar/salbar ressurs.

Dette skulle ein tru var ei gåvepakke til Naustdal kommune. Her kjem eit selskap som ynskjer å ta vare på eksisterande verdiar og drive på ein berekraftig måte. Deira plan byggjer på krav frå grunneigarane om nettopp dette. Dei har utvikla eit prosjekt utifrå eit nytt tankesett, som faktisk viste seg å gjere prosjektet meir lønsamt enn det var i utgangspunktet. Med å satse på full ressursutnytting og fokusere på andre mineral enn tidlegare planar har gjort, har dei vist at Engebøfjellet kan utnyttast langt betre, og vil ha ein større verdi både på kort og lang sikt. Naustdal kommune kan no sikre at Sunnfjord kommune sit att med eit vesentleg betre prosjekt. Dei nye planane vil ha langt større lokal, regional og nasjonal verdiskaping, samt vere eit «grønt» gruveprosjekt, som kan vere ei kraftig retningsendring innan norsk gruveindustri. Dette vil vere heilt i tråd med dei utfordringane Noreg, og verda står ovanfor. Engebø kan verte eit pilotprosjekt for framtidas gruveindustri.

Så kan ein spørje seg, kva gjer Naustdal kommune no? Komande torsdag, 27.06.2019, har Naustdal kommune til handsaming detaljregulering for Engebø, der framlegget til plan frå NOM mykje godt sparkar føtene under dette nye prosjektet, og AMR som står bak. Og det hastar, igjen. Er det mogeleg? Er Naustdal kommune tent med å klamre seg fast i NOM, og utdatert teknologi, og dundre på vidare i kjend stil? Eg undrast, betyr det meir for kommunestyret i Naustdal kva selskapet heiter, enn kva konsekvensane for innbyggarar, miljø, natur og ikkje minst Førdefjorden vert? For meg betyr det ingen ting kva selskapet som eventuelt får starte opp med mineralverksemd heiter, men det betyr noko korleis dei skal drive. Dei kritiske røystene har heile vegen stilt dei same spørsmåla, og dei same krava. No kan dei verte høyrde!

Naustdal kommune har no ein siste sjanse til å handsame dette korrekt, og gjere framtidsretta vedtak. Det einaste rette no vil vere å avvise framlegget til detaljregulering frå NOM, og gje AMR ein mogelegheit til å legge fram sitt alternativ, slik at Sunnfjord kommune i neste omgang kan gjere eit reelt val. Førdefjorden ligg der rein og frisk, og Engebøfjellet står der i all sin prakt, full av ressursar. Skal ein hente ut mest mogeleg raskast mogeleg, og samstundes gjere uboteleg skade? Eller skal ein utvikle eit berekraftig mineralprosjekt for framtida, og samstundes take i vare Førdefjorden som den ressursen den er, og slik kome alle som bur og driv næringar langs fjorden i møte? Der finnast rett og gale, og min påstand er at å gå vidare med handsaming no er gale. Frykteleg gale!

Det er no rammene for ei framtidig mineralnæring i Sunnfjord kommune vert vedteken. Om Naustdal kommune pressar på og vedtek framlagd detaljregulering, so tek dei ansvaret og legg løpet fast for mykje av dette. No må Naustdal kommune kjenne sitt ansvar, og stogge råkøyret. Ta ansvar Myrvang, overlat avgjerda til Sunnfjord kommune. Det er det einaste rette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags