Myter og sanningar om deponi i Førdefjorden

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevViser til innlegg i Firda frå Oddleiv Hjellum, der han skuldar Venstre og KrF for å ha svikta i saka om deponi i Førdefjorden.

For å gjere det heilt klart: Venstre er og har heile tida vore motstandar av deponi for avgangsmassane frå gruvedrift i Engebøfjellet. Derfor jobbar både det nyskipa Sunnfjord Venstre og Sogn og Fjordane Venstre no for å få på plass midlar slik at ein kan få gjort studiar rundt bruken av avgangsmassar. Dette vil potensielt kunne skape fleire arbeidsplassar og skåne fjorden.

Hjellum skriv i sitt innlegg at «Dersom Venstre hadde sett foten ned for dette løyvet, er det lite truleg at det hadde vorte gjeve» og «Denne gongen er det KrF som svikta». Vi tolkar dette til at Hjellum meiner at Venstre utgjorde eit fleirtal i lag med Høgre- og FrP-regjeringa i forrige Stortingsperiode, og at KrF utgjer eit fleirtal i lag med dagens regjering – og dermed kunne ha stoppa utsleppsløyvet.

Dette handlar ikkje om å sette foten ned. Vedtaket om utsleppsløve var basert på eit fleirtalsvedtak utgått av Høgre, FrP, Arbeiderpartiet og Senterpartiet i Stortinget i 2015. KrF, MDG, SV og Venstre stemte imot. Klima- og miljødepartementet gav løyve til deponering i fjorden i juni 2015 og saka vart stadfesta av Kongen i statsråd i februar 2016. Med andre ord er dette eit løyve Venstre – eller andre parti for den saks skuld – ikkje har høve til å endre no.

Nordic Mining har enno ikkje søkt om driftskonsesjon og konsesjon for vassuttak, og den dagen det skjer vil departementet vurdere om det vil bli gitt konsesjonar og om det er kome til endringar eller avvik i prosjektet som gjer at ein må sjå på saka på nytt.

I utsleppsløyvet for fjorddeponiet er det også sett krav om at Nordic Mining skal jobbe med å finne alternative bruksområde for avgangsmassane. Sunnfjord Utvikling er ein av aktørane som er opptatt av å finne bruksområde for overskotsmassane, og Sunnfjord Venstre jobbar no tett opp mot Venstre og regjeringa for å sikre midlar til studiar av alternativ bruk av avgangsmassane.

Dette saman med at ein i regjeringsplattformen slår fast at det ikkje vil bli gitt nye utsleppsløyve i fjordar, at det blir vurdert om lovverket for avfallsdeponering i gruveindustrien er tilstrekkeleg og at konsekvensane av eit forbod mot nye sjødeponi skal greiast ut, ser vi som positive signal for å unngå fjorddeponi i Førdefjorden.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags