Myrvang og Fossum i same båt?

Får kritikk: Ordføraren i Naustdal ser ut til å gå i tospann med tiltakshavar for eit av dei mest omstridde industriprosjekta i landet, eit prosjekt som kan ha øydeleggjande konsekvensar for Førdefjorden, skriv Aarseth.Arkivfoto: Bent Are Iversen

Får kritikk: Ordføraren i Naustdal ser ut til å gå i tospann med tiltakshavar for eit av dei mest omstridde industriprosjekta i landet, eit prosjekt som kan ha øydeleggjande konsekvensar for Førdefjorden, skriv Aarseth.Arkivfoto: Bent Are Iversen Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevBåde ordføraren i Naustdal og direktøren i Nordic Mining har sett seg nøydde til å kommentere underteikna sitt innlegg i Firda 24. feb. Og begge kjem med dryge påstandar.

Underteikna sine opplysningar om tungmetall og diverse kjemikaliar er henta frå NIFES og Miljødirektoratet sine utsegner og såleis ikkje eigne påstandar. Det er også feil frå ordføraren si side når han hevdar at underteikna påstår at finmassen vil spreie seg utover deponiområdet. I innlegget var det vist til at Havforskingsinstituttet (HI) peikar på at det er risiko for spreiing av finpartiklar. Det same gjer Miljødirektoratet i sin anbefaling av 13.02.2015: «Det er knyttet usikkerhet til spredning av finpartikler, som utgjør ca. 10 % av avgangen». Vidare skriv dei at risikoen er redusert gjennom dei nye simuleringane av partikkelspreiing. Ein redusert risiko er framleis ein risiko for spreiing. Og simulering er ikkje fakta, men simulering. Det er heller ikkje teke omsyn til at tversnittet i fjorden vil endre seg ved dumping av gruveavfall, dette vil truleg endre straumforholda i fjorden.

Miljødirektoratet skriv også at: «Det er fortsatt usikkerhet knyttet til sjødeponiets påvirkning på kysttorskens og ålens vandringsmønster». Dette er utdjupa i brev frå Miljødirektoratet til Klima- og miljødepartementet 19.11.2014. I ein høyringsuttale frå HI til Naustdal kommune datert 10.09.2010 konkluderer HI med sju ulike negative effektar på fisk ved dumping av gruveslam. Stikkord her er tap av leveområde for botnlevande organismar og fisk på djupt vatn, gytemoden torsk kan skremmast bort, ukjend effekt av finpartiklar på djuptlevande raudåte som er fiskeyngelens viktigaste matkjelde, tilførsel av finpartiklar vil kunne ha negative konsekvensar hos larvar og yngel i området, lydtrykk frå sprengingar i Engebø-fjellet kan auke stressnivået hos fiskelarver og yngel. Negative effektar på fiskebestandane kan nå langt ut over deponiområdet. Så det er neppe tilfeldig at der var lite fisk på Redalsvika den tida tunellane mellom Gryta og Redalen vart sprengt ut.

Korkje Myrvang eller Fossum kommuniserer dei negative konsekvensane knytt til fjorddeponi, men dreg fram enkelte utsegner frå Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet. Det er å føre folk bak lyset. Begge to ser ut til å frykte at opplysningar om uheldige konsekvensar ved fjorddeponi skal nå ut til folket. Underteikna har aldri gjeve inntrykk av å ha kompetanse til å gå i diskusjon med forskarar. Uavhengige forskarar har uttalt seg og frårådd dumping av gruveslam i fjorden, men utan fagleg ballast har kommuneleiinga i Naustdal med ordføraren i spissen uttrykt mistillit mot HI på offentlege møte og i dokument publisert på kommunen si nettside. Mange hugsar nok folkemøtet i Naustdal i 2011 der ein forskar frå HI var invitert av Fiskeridirektoratet for å delta på miljøvernministeren si synfaring. Under lettare panikk klarte administrasjonen i Naustdal å plassere HI sin representant langt bak i salen, truleg fekk dei han til å halde kjeft også.

Miljødirektoratet bruker fleire gonger uttrykka «usikkerhet» og «mangel på kunnskap» om konsekvensane. Men sidan direktoratet, etter først å ha frårådd på miljøfagleg grunnlag, vart instruert om å gjere ny vurdering og til slutt tilrådde deponi, så hadde dei ikkje anna val enn å tone ned dei miljømessige uheldige konsekvensane. Ingen forskingsinstitusjon eller direktorat har svaret på kor skadeleg fjorddeponi vil være for økosystemet i fjorden. Men Myrvang og Fossum klarar å omskrive usikkerheit og mangel på kunnskap til fakta når dei omtalar prosjektet. Fakta om konsekvensane har ein ikkje før lenge etter gruveslammet er dumpa i fjorden, då er det for seint.

Ordføraren i Naustdal ser ut til å gå i tospann med tiltakshavar for eit av dei mest omstridde industriprosjekta i landet, eit prosjekt som kan ha øydeleggjande konsekvensar for Førdefjorden. Har Myrvang forstått at hans rolle som ordførar blant anna er å ta tak i forhold ved prosjektet som ikkje gagnar kommunen og lokalsamfunnet? Det er grunn til å stille spørsmål ved om Myrvang går ut av rolla som ordførar og inn i ei rolle som ukritisk forsvarar for Nordic Mining sitt konsept der fokuset ser ut til å være størst mogeleg profitt for aksjonærane. Miljøomsyn ser ut til å komme i andre rekke. Med det som ser ut til å være tette band mellom Myrvang og Fossum, forsvinn den avstanden ein folkevald og ordførar må ha til interessentar som vil tene pengar på ressursar i kommunen. I same båt, ja, men kven har hand om roret? 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags