Forsøker aksjonærar i Nordic Mining/Rutile å manipulere folket?

Av
DEL

Lesarbrev12.07.19 har aksjonær i Nordic Mining Freddy Sørland eit lesarinnlegg i Firda som går langt i å forsøke seg på manipulering av lesarane. Her kjem han med fleire dryge påstandar om Naustdal SV (no Sunnfjord SV), samt AMR. AMR og andre får svare for seg sjølve, men eg svarar gjerne for meg (som også er skyteskive for aksjonæren sine utbrot).

Ja, eg meiner AMR sine idear er mykje betre enn NOM sine. Om nokon får starte gruvedrift i Engebøfjellet nokon gong, så håpar eg det vert AMR sine idear som vinn fram. Alt eg har sett frå dei to selskapa er skisser og idear, slik sett stiller dei likt i mine auge. AMR sine er berre så mykje betre.

Kva selskapet som eventuelt får drive mineralutvinning i Engebøfjellet heiter, har eg ikkje noko meining om. Det har inga betydning for meg. At det har betydning for Freddy Sørland derimot, reknar eg med dei at fleste forstår. Han har satsa sparepengane sine på NOM. Kor lurt det var kan ein meine mykje om, men det skal ikkje eg ta stilling til når eg handsamar saka. Mogeleg nokon politikarar vel å avgjere viktige saker utifrå kva folk har satsa sparepengane sine på, men du finn nok ikkje mange slike i SV.

Lukke til vidare med «spekulasjonane» dine Freddy. Håpar du finn betre bruk for dei sparepengane du ikkje har satsa på utdatert teknologi og øydeleggande industri. Du og eg vert nok ikkje einige i denne saka, men det betyr ikkje at vi har same utgangspunkt for meiningane våre. Dine er tydeleg økonomisk motivert, det er ikkje mine. Eg må nok skuffe deg der. Eg respekterer dine val, og ber igjen om at du respekterer mine.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags