DEBATT: Ny kunnskap er viktig

NY KUNNSKAP: Styremedlemmar i Arctic Mineral Resources argumenterer her for at det nye selskapet sitt prosjekt baserer seg på ny kunnskap og betre utnytting av minerala. Bildet viser Engebøfjellet sett frå Thingneset

NY KUNNSKAP: Styremedlemmar i Arctic Mineral Resources argumenterer her for at det nye selskapet sitt prosjekt baserer seg på ny kunnskap og betre utnytting av minerala. Bildet viser Engebøfjellet sett frå Thingneset Foto:

Av
DEL

LesarbrevTilsvar på lesarinnlegg 06.02.2019 frå Torbjørn Borge, aksjonær i Nordic Mining, Bergen, og etterfølgjande lesarbrev.

I utgreiinga frå Miljødirektoratet, som det vert vist til, står det:

«Hvilken deponiløsning som kan være aktuell bør vurderes konkret fra sak til sak. Påvirkning på naturmangfold, økologi, hvilke kjemikalier som brukes, geografi og beliggenhet, kostnader og effekter på andre næringer og samfunnsinteresser bør inngå i en helhetsvurdering.»

AMR er einig i dette.

Som kjent har fem grunneigarar i Vevring gått saman om eit gruveprosjekt, som tek utgangspunkt i vår eigedomsrett til grunneigars mineral, ved å etablere selskapet AMR. Det har samanheng med at drift på granat, som mineral åleine på våre eigedomar, utan tvil er lønsamt.

På eigedomane våre ligg granaten innover frå sjøsida både over og under havnivå. Vårt prosjekt er i god norsk gruvetradisjon basert på moderat oppstart, der ein kan auke produksjonen etter kvart som ein får meir erfaring frå drifta. Alle fjell har sine små «troll», eller utfordringar, som ein ikkje kjenner fullt ut før ein er i dei. Prosjektet har ein tilstrekkeleg god økonomi, så vi kan etablere fjellhallar for deponi, samt fylle attende i dei ferdigstilte gruveromma. På grunnlag av dette klarar vi oss utan både sjødeponi og landdeponi. AMR har ei løysing på massebalanse gjennom heile sitt prosjekt utan slike løysingar.

Når vi fokuserer på granat som det økonomiske drivande mineral, får vi nytta mykje fjell som det ikkje er lønsamt å foredla om ein tek utgangspunkt i rutil som økonomisk drivande mineral. Det er eit opplagt faktum. I prosessen med å oppreie granat vil vi få ut eit fullverdig rutilkonsentrat. Oppreiing fokusert på granat gjev mykje meir granat, enn om fokuset er på rutil. Med eit sånt fokus, går det ikkje utover mengda eller kvaliteten på rutil.

Lagring i fjell gjer det mogeleg å nytta nesten alle verdiar i steinen, enten med ein gong, eller når det vert lønsamt. I praksis vil ikkje dette vere mogeleg ved flytting av avgang eller stein frå store etablerte deponi. Frå Miljødirektoratets rapport datert 24. januar side 13:

«Alternativ anvendelse av allerede deponerte masser

I Engebøprosjektet ble mulig alternativ anvendelse beregnet til 5–10 % av den totale avgangsmengden. Det vil være mest aktuelt å benytte disse massene til tildekking av forurensede bunnsedimenter og som fyllmasse ved forsterking eller bygging av diker. Den økonomiske lønnsomheten ved en slik anvendelse er ikke estimert utover at den teoretisk sett vil være mulig å gjennomføre.

Det påpekes imidlertid at det er lite sannsynlig at massene vil være lønnsomme å hente opp igjen fra sjøen når de først er deponert. Generelt vil landdeponier gjøre fremtidig utnyttelse enklere fordi de er lettere tilgjengelige enn sjødeponier. På den annen side vil beliggenheten være avgjørende for mulighetene til uthenting og transport, både for sjø- og landdeponi.»

I AMR sitt prosjekt vil nær heile avgangsmengda vere tilgjengeleg for alternativ bruk med ein gong eller i framtida. Dette sikrast ved å etablere mellom deponi i fjell. I tillegg vil det ikkje verte negativt for andre lokale, berekraftige og viktige næringar, som lakseoppdrett og turisme. Det er veldig viktig for oss i lokalsamfunnet, og også for landsdelen og Noreg som nasjon.

AMR arbeider med å dokumentere detaljane i sitt prosjekt for relevante myndigheitsorgan i tur og orden. Først til Direktoratet for mineralforvaltning (DMF), i eigenskap av at AMR eig rettane til grunneigars mineral på eigedomane i Vevring, som omfattast av NOM sin søknad, om driftskonsesjon for statens mineral. Det er DMF som har ansvar for å vurdere berekraft og dei bergfaglege løysingane i alle gruveprosjekt.

Når det er sagt, vil AMR dokumentera sine løysingar for Miljødirektoratet, når tida er inne for det. Våre løysingar er kvalitetssikra på kompetent hald, og dei vil verte nøye analyserte og skrivne av uavhengige konsulentar i samband med ein forstudie, denne ligg ikkje langt inn i framtida. AMR er, som dei fleste andre gruveselskap i Noreg, ikkje noterte på nokon børs, og treng derfor ikkje publisera intensjonsavtalar eller andre avtalar, som er eller vil verte inngått før sakshandsaminga i offentlege etatar fordrar det.

Utvalet for evaluering av Minerallova, oppnemnd av Nærings- og fiskeridepartementet, gav nyleg si innstilling. I den ligg det ny kunnskap, og nye analysar av kva som ligg i omgrepa «berekraft» og bergfagleg forsvarleg». Utvalet omtalar berekraft på side 25 i innstillinga:

«Hva som skal regnes som bærekraftig vil bli påvirket av mange faktorer utenfor mineralloven, og vil kunne endres over tid, avhengig av ny kunnskap, lovgivning på andre områder og den generelle oppfatningen av hva som skal regnes som bærekraftig, og hvor store inngrep i naturmiljøet som kan aksepteres.»

Som kunnskap for allmenta, må ein regne at rutil i Engebøfjellet i overskodeleg framtid ikkje vil kunne vere det mineralet som ber økonomien, men vere eit produkt som kan gje eit endå meir lønsamt prosjekt basert på granat. Som ny kunnskap må det regnast at AMR kan etablera eit berekraftig gruveprosjekt, på våre eigedomar, basert på rein underjordsdrift og utan at det vert økonomisk ikkje – rekningssvarande å nytte deponiløysingar som gjer det mogeleg å nytta nesten alle verdiar i fjellet, og dei som ikkje er rekningssvarande å vinna ut i dag. Som lovgjeving på andre område nemnast Grunnlova §112, som kom i ny versjon i 2014, og som no for fyste gong er prøvd for domstolane. Evalueringsutvalet uttrykker på side 26 i innstillinga at:

«I relasjon til mineralvirksomhet vil Grunnloven § 112 kunne ha betydning ved at den skjerper kravet til bærekraft og også ellers kan påvirke tolkningen av andre bestemmelser i mineralloven, hvor denne gir rom for skjønn.»

Det er som sagt DMF som forvaltar minerallova, og som er kompetent myndigheit til å trekkje konklusjonar ut frå denne fråsegna, samt innstillingas fråsegner om kva for faktorar som er viktige i ei vurdering i ein søknad om driftskonsesjon vil gje ei verksemd som fylle alle krav som no vert sett til «bergfagleg forsvarleg». Både AMR og selskapets aksjonærar har stor tiltru til at DMF vil utøve sin skjønnsmynde på ein måte som gjev gode løysingar.

Den «uavhengige konsulenten» som Borges lesarinnlegg viser til, var eit svar på eit innspel frå AMR til kommunen, om detaljregulering som AMR har kome i møte i etterkant. Dette dokumentet er og tilgjengeleg for allmenta, utan at det verkar til at Borge har studert det. Vi nøyer oss med å konstatere at NOM også planlegg å driva ut rutil på våre eigedomar gjennom underjordsdrift, så det verkar til å vere semje om at dette er ei god løysing. No kan NOM i staden for få eit rutilkonsentrat levert, så dei får tilgang til statens mineral på dei eigedomane AMR har grunneigarrettane utan risiko, og rundt 15 år før det elles ville skjedd. Kva er negativt med det? Dette er ny informasjon.

Ny informasjon er viktig!

 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags