Sunnfjord Ap og Engebø-prosjektet

Hilmar Høl, Helge Robert Midtbø og Håkon Myrvang.

Hilmar Høl, Helge Robert Midtbø og Håkon Myrvang.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarKort tid før partilaga i Sunnfjord stifta nye Sunnfjord Ap valde Førde Ap å vedta ei fråsegn om Engebøprosjektet, oppsummert i tre punkt:

• Framtidige søknadar om å deponere gruveavfall i sjø vert ikkje innvilga.
• Regjeringa sitt innvilga utsleppsløyve for deponering av gruveavfall i Førdefjorden må vurderast på nytt.
• Regjeringa må satse innovativt på å sjå på verdien av restmassane ved gruvedrift.

Verken eg som leiar i Naustdal Ap eller andre i vårt partilag var orienterte om innhaldet i fråsegna. Førde Ap veit at Engebøprosjektet har vore og er viktig for Naustdal kommune og heile regionen. Eit Engebøprosjekt utan sjødeponi er det same som at prosjektet ikkje vert realisert. Regjeringa med Venstre på laget seier at det ikkje er aktuelt å vurdere utsleppsløyve for deponering av gruveavfall i Førdefjorden på nytt.

Sunnfjord Ap: Vi skal no bygge eit nytt og slagkraftig partilag for nye Sunnfjord kommune. Det er då ein dårleg start når Førde Ap sin gruppeleiar, Helge Robert Midtbø, seier på siste årsmøte i Førde Ap, og som vert sitert i Firda: «Vi fekk eit klart mandat frå veljarane våre i siste kommuneval, og vi er framleis kritiske til sjødeponiet. Usemja med Naustdal må vi takle». Med dette velsigna gruppeleiaren fråsegna til Førde Ap.

Naustdal Ap med underteikna som leiar fekk også eit klart og tydeleg mandat frå veljarane under siste kommuneval. Engebøprosjektet er viktig for utviklinga av regionen. Prosjektet vil tilføre oss det vi treng mest, nye arbeidsplassar. Så blir det gjort eit moment ut av at det «berre» kjem 110 nye arbeidsplassar i ein region som frå 2008 til 2016 hadde ein sysselsettingsvekst på i overkant av 500 arbeidsplassar. 110 arbeidsplassar i tillegg til mykje byggeaktivitet før og under prosjektet vil ha stor positiv effekt for Sunnfjord.

Naustdal Ap ser moglegheita av å nytte avgangsmassen til jordforbetring, i betongproduksjon eller som tildekkingsmasse. Siste punkt i fråsegna til Førde Ap er i tråd med dette:

• Regjeringa må satse innovativt på å sjå på verdien av restmassane ved gruvedrift.

Avgangsmassen inneheld ikkje giftige kjemikaliar slik det vert hevda i fråsegna til Førde Ap. Den er tvert imot veldig lik sjøbotnen i Førdefjorden.

Tenk det, Førde Ap, å kunne bruke avgangen frå Engebø til å skape miljøgevinster der ein dekker til forureina sjøbotn langs kysten.

Vegen vidare. Gaular, Jølster, Førde og Naustdal kommune har likelydande vedtak kring intensjonsavtalene med tilleggsavtale som seier:

«Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa.»

Førde Ap har med si fråsegn skapt tvil kring truverd til intensjonsavtalane i den nye kommunen.

Det er sjølvsagt at både reguleringsplanen og utsleppsløyvet for Engebø heng saman for at prosjektet skal kunne verte realisert.

Husk, Førde Ap, Naustdal Ap har hatt fokus på å finne bruksområde for avgangsmassen på Engebø. Det kan vi no gjere i lag med Sunnfjord Utvikling og i god dialog med Klima og Miljødepartementet. Departementet har ei stor utfordring i det å rydde opp i forureina sjøbotn. Vil regjeringa noko med Jeløyerklæringa så har dei eit godt utgangspunkt i arbeidet med opprydding av sjøbotn ved å bruke den reine avgangsmassen frå Engebø som vil gje ny og rein sjøbotn der tildekking er valt som oppryddingsmetode.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags