Kva er ti milliardar mellom vener?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL
Det finst fleire grunnar til å stoppe Engebøprosjektet i Vevring, men den einaste grunnen til å gje løyve til prosjektet var dei samfunnsøkonomiske ringverknadane. No er 63 % av dei forventa jobbane vekke. Det svarar til 16.100 årsverk, og det manglar 10 milliardar kroner frå grunngjevinga som gav ja til Nordic Mining (NM) sitt prosjekt. Det er nok til å trekka dei løyva NM har i dag.

Lesarbrev 

Minimale inntekter for Naustdal kommune. «Maskinsskatten» har blitt fjerna. Det kan bety at om lag 10 til 20 millionar mindre forventa inntekt kvart år i 50 år for kommunen, eller 500 til 1000 millionar kr mindre inntekt enn det kommunen la til grunn då dei godkjente reguleringsplanen for utvinning av rutil på Engebø. Naustdal si inntekt frå naturvandalismen til NM er stort sett redusert til inntektsskatt frå folk som flyttar dit på grunn av Engebø.

Færre arbeidarar i kortare tid. I gjennomførbarhetsstudien til NM datert 30. oktober 2017, er prosjektets levetid nesten halvert, frå 50 år til 29 år, og talet på tilsette er redusert frå 170 til 106. Det er 21 år kortare og 64 færre arbeidarar enn det Klima- og miljødepartementet var førespegla då dei gav utsleppsløyvet. Summert opp betyr det at kommunen og staten går glipp av skatt frå to tredelar av dei estimerte arbeidsplassane, og ringverknadane blir desto ringare.

                                                       ArbeidsplassarDriftsår     Årsverk

Grunngjeving, Klima- og miljødep         170             50          8500 (100%)

Pre-Feasibility study 31/10/2017           106             29         3074 (36,2%)

Bortfall, årsverk                                                                   5426 (63,8 %)

Grunnlaget borte. Prognosane som utsleppsløyvet var basert på snakka om dei store ringverknadane. 170 arbeidsplassar skulle kunna føra til så mange som 500 arbeidsplassar på landsbasis i 50 år, og drifta skulle føre til ein auke i BNP på 430 millionar kroner årleg.

I dag kan 106 arbeidsplassar føra til 300 arbeidsplassar nasjonalt, og med reduksjonen i driftsår er dei nesten 25.000 årsverka ein vart førespegla, no reduserte til 8900, eller til om lag 35 % av grunnlaget for løyvet. Med dei 16.100 årsverka forsvinn også ein stor del av argumentet for å gje løyve til NM.

Den hypotetiske føresetnaden om verdiskaping som regjeringa baserte løyvet på, er kraftig redusert. Ein kan snakka om eit samfunnsmessig verditap på 430 millionar kvart år dei 21 åra som gruva no ikkje skal drivast. Det gjev eit tap på 9 milliardar kroner! Legg ein til 500 til 1000 millionar tapte skattekroner til kommunen grunna maskinskatten som regjeringa nyleg fjerna, manglar det om lag 10 milliardar kroner frå den samfunnsøkonomiske grunngjevinga for Engebøprosjektet som eit positivt prosjekt.

Ødeleggelse av fjell og fjord er nært forestående. Området NM har sett til side for landdeponi svarar til 53 fotballbaner (100x90 m). NM sitt prosjekt er ikkje eit gruveprosjekt. Det er eit ope dagbrot som kjem til å verta ei gapande hole på størrelse med 23 fotballbaner og opp til 300 meter djup. Sjødeponi er integrert i NM sine produksjonsplanar, og kjem om Engebø-prosjektet ikkje blir stoppa.

Sjødeponi er den heilage gralen til regjeringa og gruveindustrien, og skal vere nøkkelen til framtidas gruvedrift i Norge. Om det ikkje kan stoppast i den reine Førdefjorden, blir sjødeponi eit «naturleg og rettferdig» krav frå gruveindustrien i framtida. Det er elefanten i rommet.

Rutil eller garnat. NM har berre løyve til å vinne ut granat dersom det er naudsynt for utvinning av rutil. I dag er det granat som er nøkkelen til å få økonomi i Engebøprosjektet. NM har berre hatt kontrakt med to grunneigarar. Desse var gyldige fram til 31.12.2017, og NM prøver no å inngå nye kontraktar.

Og vi skal huske at NM berre har fått eit midlertidig utsleppsløyve, og dei har ikkje driftskonsesjon.

Raudt Indre Sunnfjord krev at den grøne miljøministeren vår, Ola Elvestuen (V), stoppar Engebøprosjektet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags