Grensa mellom politisk engasjement og inhabilitet – Engebøsaka

INHABIL: Om Ole Erik Thingnes, her i samtale med Tore-Viana Rønningen frå Arctic Mineral Resources, skal reknast som part og dermed inhabil, bør  vere gjenstand for diskusjon i denne saka når habilitetsspørsmålet skal avgjerast, skriv artikkelforfattaren.

INHABIL: Om Ole Erik Thingnes, her i samtale med Tore-Viana Rønningen frå Arctic Mineral Resources, skal reknast som part og dermed inhabil, bør vere gjenstand for diskusjon i denne saka når habilitetsspørsmålet skal avgjerast, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Magne Aardal, leiar i Sunnfjord SV kom med tilsvar til meg 30. juli. Her tileignar han meg synspunkt som eg ikkje har. Han hevdar eg meiner at politikarar ikkje kan vere politisk engasjert. Dette er sjølvsagt feil.

Politisk engasjement er viktig, men det er ikkje slik at dei folkevalde står fritt til å gjere det dei vil, berre dei syner til at det er politisk engasjement, sjølv om ein kan få inntrykk av dette. Det politiske engasjementet er regulert gjennom forvaltningslova sine reglar for habilitet som også gjelder for folkevalde. Dersom ein ikkje følger desse reglane, kan det oppstå situasjonar der objektiviteten til den folkevalde kan trekkast i tvil og det er fare for at det oppstår rolleblanding. Det er rolleblanding eg har fokusert på i mine lesarinnlegg. Dei andre frå SV som har svart på mine lesarinnlegg, har forstått dette.

Trass i at SV har bedt om ein gjennomgang av habiliteten for fleire personar i Naustdal kommunestyre, kan det sjå ut som om SV sjølv ikkje er klar over kva habilitetsreglane går ut på. Med bakgrunn i dette vil eg gå inn på desse og syne til relevante forhold i denne saka.

Habilitetsreglane er grovt delt opp i to hovudreglar. Forvaltningslova paragraf 6 første ledd ramsar opp ulike situasjonar der ein automatisk vert inhabil og ikkje kan delta i handsaminga av saka. Mellom anna går det fram at dersom ein er styremedlem i ei verksemd, foreining eller stifting som er part i saka, kan ein ikkje delta i avgjerda av saka. Då vert ein automatisk inhabil.

Forvaltningslova paragraf 6 andre ledd slår fast at ein kan bli inhabil av andre årsaker, og kjem med ein del generelle føringar på dette området.

I rettleiaren frå Kommunal- og regionaldepartementet om habilitet vert desse føringane utdjupa. Her står det mellom anna at ein folkevald kan bli inhabil dersom avgjerda av ei sak kan medføre «særleg fordel, tap eller ulempe for personen».

Vidare vert det presisert:
«Den særlige fordelen eller ulempen kan være av både ideell, økonomisk, faglig eller prestisjemessige grunner».
Dette syner at andre årsaker enn økonomisk vinning kan medføre at ein vert inhabil. Dette verkar til å vere eit faktum som mange ser vekk frå i denne debatten, men som er høgst relevant i denne saka.

Rettleiaren slår også fast at som folkevald har ein stor fridom til å uttale seg i media om politiske saker. Men også her eksisterer det grenser for kor lang ein folkevald kan gå:
«Men dette kan stille seg annerledes hvis en tjenestemann (folkevalgt) har gitt uttrykk for bestemte meninger om utfallet av en individuell sak eller har ledet en aksjon i tilknytning til en bestemt sak».

Dersom ein ser på dei faktiske forholda i samband med detaljreguleringssaka for Engebø, er det fleire forhold som vil kunne falle inn under desse reglane.

Ole Erik Thingnes som sit i kommunestyret i Naustdal, er ifølge Brønnøysundsregistrene styreleiar i Vevring Grendalag. I samband med nabovarselet for detaljreguleringsplanen for Engebø, bad kommunen særskild om at Thingnes, saman med alle grunneigarane som vart direkte påverka av saka, skulle få varsel om oppstart av reguleringsplanen i kraft av si rolle i grendelaget. Det kan derfor sjå ut som om kommunen er av det syn at Thingnes representerer ein part i denne saka. Vevring Grendalag kom med tilsvar i saka og i plan og bygningslova har det eksistert ein praksis om at dei som svarar på nabovarsel skal reknast som part i saka. Det vil sei at dersom Vevring Grendalag vert rekna som part i saka, vert Ole Erik Thingnes automatisk inhabil i forhold til å vere med å fatte avgjerd i saka. Dette går fram av forvaltningslova paragraf 6 første ledd bokstav e, som eg har referert til i dette innlegget. Om Thingnes skal reknast som part og dermed inhabil, bør derfor vere gjenstand for diskusjon i denne saka når habilitetsspørsmålet skal avgjerast.

Når det gjeld innspelet frå Vevring Grendalag og Thingnes, kjem det ikkje som ei overrasking at dei ber om at heile detaljreguleringsplanen skal utsettast til fordel for AMR. Det er ikkje første gang Thingnes løfter fram AMR, trass i at deira planar ikkje er ein del av det formelle saksgrunnlaget og dermed ikkje relevant for saka som skal handsamast.

I forhold til habilitetsreglane vert det å leie ein aksjon mot ei bestemt sak framheva som eit forhold som kan vere med på å gjere ein folkevald inhabil i samsvar med forvaltningslova. I samband med dette er det relevant å syne til Vevring og Førdefjorden miljøgruppe. Dette er ei pågåande aksjonsgruppe som jobbar mot Engebø-prosjektet og Nordic Mining, og har gjort det i lang tid. På deira internettsider står Thingnes oppført som styremedlem og kontaktperson for gruppa. Avisreferansen i mitt førre lesarinnlegg dokumenterer at ein annan listekandidat frå SV Sunnfjord var leiar i denne aksjonsgruppa. Deira engasjement i form av å leie og organisere aksjonsgruppa ser ut til å vere omfatta av habilitetsreglane og bør habilitetsvurderast i den grad desse personane skal delta i handsaminga av detaljreguleringssaka når den kjem opp att.

På sidene til Fjordaksjonen listar dei opp kva Vevring og Førdefjorden miljøgruppe jobbar for. Her står det mellom anna: arbeide mot deponering av avfallsmasse i Førdefjorden og andre typar forureiningar som til dømes støy og støv, samt arbeide imot eit ope dagbrot.

Med bakgrunn i dette kan ein hevde at AMR sine planar som korkje er dokumentert eller verifisert, er ei «gåvepakke» til aksjonsgruppa og deira kamp, på same måte som Thingnes hevdar i eit innlegg til ordførar Myrvang (Framtidsretta vedtak, Myrvang?) at AMR er ei «gåvepakke» til Naustdal kommune.

I samband med at handsaminga av detaljreguleringsplanen for Engebø kjem opp att, forventar eg at SV vil stille same krav til seg sjølv som dei har gjort til andre politikarar i Naustdal kommunestyre med omsyn på habilitet. Dette er eit leiaransvar.

Godt val.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags