Endring i krisetid

FORSTÅING: – Det er ein uvanleg vår vi legg bak oss. Mange har fått større forståing for i dei krevjande oppgåvene helsevesenet står i, den viktige rolla som kommune og fylkeskommune spelar, skriv Jenny Følling.

FORSTÅING: – Det er ein uvanleg vår vi legg bak oss. Mange har fått større forståing for i dei krevjande oppgåvene helsevesenet står i, den viktige rolla som kommune og fylkeskommune spelar, skriv Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er ein uvanleg vår vi legg bak oss. Mange har fått større forståing for i dei krevjande oppgåvene helsevesenet står i. Uansett kven vi er, kvar vi bur eller storleik på lommeboka, så er dei der når liv står på spel. Står på dag og natt når krisa rammar. Hjelper oss til å meistre situasjonen når vi sjølv eller våre næraste blir sjuke.

Mange har også fått større forståing for den viktige rolla som kommune og fylkeskommune spelar. Kor viktig skuleverket er for oss som samfunn. Dei syter for at alle får grunnleggande velferdsgode som skulegang, barnehage, sosialhjelp, legehjelp og sjukeheim. Dei sikrar at alle har vatn i springen, hentar søppel og sløkker brann når hus brenn. Oppgåver som må gjerast av fellesskapet for at vi skal fungere som samfunn - ikkje minst i krisetid.

Korona sette heile samfunnet ut av spel. Landet var i unntakstilstand, og kommunane måtte jobbe annleis. Vi vart nærast heldigitale over natta. Det har vore ei vanskelig tid, men krisetida har likevel gitt nyttig erfaringar for framtida. Undervisning, samtaler, kurs og politiske møte har gått på Teams og Skype. Skulane har teke digitale kvantesprang etter over to månader med nettundervisning. Alt dette har opna nye, og kanskje overraskande dører.

Våre eldre og dei som har utfordringar med psykisk helse og rus, har hatt det ekstra tøft. Mange har blitt isolerte og har vore redde for å bli sjuke. Behandlingstilboda blei endra radikalt. Det har vore krevjande for mange, men det er også positive effektar.

Helse og omsorgsminister Bernt Høie besøkte Førde sjukehus i forrige veke. Han ville høyre om sjukehuset sine erfaringar med korona. Han vitja også rådhuset i Førde for å få vite meir om korleis utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Vestland (USHT) har utvikla velferdsteknologiske løysingar, som har kome til nytte under korona. Eg trur han vart imponert. Eldre som har kunne møte sine kjære gjennom ipad og skjermsamtaler. Heimesjukepleien som kan halde kontakt med heimebuande digitalt. Dette kan aldri erstatte personleg kontakt, men kan vere eit viktig supplement.

Framover vert det viktig å bruke den teknologiske kunnskapen og dei nye arbeidsmåtane som koronakrisa har tvinga oss til å ta i bruk. Der ligg mykje kunnskap og erfaring. Stadige endringar, forventningar frå innbyggarane og komplekse utfordringar krev nye arbeidsmåtar. Vi treng å ta i bruk ny teknologi, og fleire tenester kan digitaliserast. Evna til å ta i bruk ny teknologi er det som i størst grad fremmar innovative løysingar – både i helseføretak, kommunar og fylkeskommunar.

Det skjer magiske ting når personar med ulik bakgrunn jobbar saman om å løyse konkrete behov. Korona eller ei – alvorleg sjuke menneske har fått hjelp. Tilbakemeldingane på den digitale overgangen har i all hovudsak vore positive.

Vi treng sterke kompetansemiljø og flinke folk som vågar å tenke nytt og er innstilt på å lære gjennom heile arbeidslivet. Takk til alle som har stått i det og medverka til at samfunnet har halde hjula i gang i krisetid.

God sommar til deg som kan ta ein pust i bakken. God sommar til deg som jobber i sommer - god vakt!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags