Har dei eldre demokratiske rettar?

NEDPRIORITERT: Dagunn Klakegg i Førde eldreråd regaerer på at eldreomsorga er nedprioritert i budsjettet. (Illustrasjonsfoto frå Førde helsetun)

NEDPRIORITERT: Dagunn Klakegg i Førde eldreråd regaerer på at eldreomsorga er nedprioritert i budsjettet. (Illustrasjonsfoto frå Førde helsetun) Foto:

Av
DEL

MeiningarFørde er som kjent på kommunetoppen og har mellom anna hatt ei markant betring når det gjeld økonomi og kostnadsnivå.

Førdes siste sjølvstendige budsjett vart handsama i bystyret torsdag og der var mange gode tiltak som forskottering av Idrettshall på Halbrend, to nye distriktsmusikarstillingar, og at kultursektoren blir styrkt med 250.000 til drift av ny kulturkule. Vidare vart det løyvd 1 million kroner til eit sogeverk om Førde.

Men der var inga auke i budsjettet til dei eldre hjelpetrengande og det har det heller ikkje vore dei to siste åra. Så ein må anta at dei eldre har bidratt sterkt til å halde kostnadsnivået nede.

Eldrerådet får stadig høyre at grunnbemanninga innan omsorgssektoren er for låg og at det både går ut over den omsorg dei kan gje pasientane og helsesituasjonen til pleiarane, sjukefråveret er skyhøgt i enkelte grupper. Men dette er beskjedne tenesteytarar som berre har bedt om nokre få halve stillingar der «skoen trykker aller verst». Det har dei ikkje fått gehør for verken hos kommuneadministrasjonen eller politikarane. Og eg kan nemne at dette gjeld tiltak for dei aller svakaste gruppene som pleie- og avlastingstilbod for senil demente og dei aller sjukaste på langtidsavdelinga. Vidare heiter det at mat er kultur, men det gjeldt nok ikkje dei sjuke eldre, kjøkkenet har i årevis bedt om ein halv stilling for å kunne yte litt ekstra for dei som har spesielle matproblem, men det fekk dei ikkje i år heller.

Det har i fleire år vore ynskje om å kunne engasjere ein musikkterapeut på deltid på sjukeheimen, men det har vore «tommelen ned». Men to nye musikarstillingar det er det funne plass til, men det er diverre ikkje noko som dei sjukaste har nytte av. Ein har lenge vist at i 2020 vil plassproblema på Helsetunet bli prekære, men der er ikkje ein gong sett av midlar til planlegging før i 2020. Men kanskje kommunesamanslåinga kan redde oss, for Jølster bygger ikkje berre dobbelt opp når det gjeld idrettshallar, dei har og svært god kapasitet når det gjeld omsorgsbustader, for ingen på Vassenden skal trenge å flytte til Skei eller omvendt, så det passar bra at resten av storkommunen kan fylle opp dei ledige plassane.

Eldrerådet skal prøve å formidle dei eldre og spesielt dei hjelpetrengande eldre sine ynskje og behov til politikarane, men systemet har sine svakheiter. Politikarane er nøydde til å høyre på oss, men dei treng ikkje ta omsyn til kva vi seier. Difor fungerer demokratiet dårleg for dei eldre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags