Eldreomsorg på sparebluss – det hastar å utvide Helsetunet

ELDRE: Vi veit f.eks. at i dag har Førde nullvekst i befolkningen, at vi blir stadig fleire eldre og at det blir fødd færre barn. Det hastar  å få utvida Helsetunet og utvikle tenester, slik at det aukande antal eldre kan få ein meinigsfull og anstendig alderdom, skriv artikkelforfattaren.

ELDRE: Vi veit f.eks. at i dag har Førde nullvekst i befolkningen, at vi blir stadig fleire eldre og at det blir fødd færre barn. Det hastar å få utvida Helsetunet og utvikle tenester, slik at det aukande antal eldre kan få ein meinigsfull og anstendig alderdom, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Korleis gjekk det med økonomiprognosane for Sunnfjord kommune?

Hovudintensjonen var vel at det skulle bli mindre utgifter til administrasjon og betre tenester for folk flest.

Det ser ut som det har skjedd veldig lite på inntektssida medan kostnadssida har nådd ei ukontrollbar høgde.

* Investeringane innan idrettsanlegg/ bygningar har sprengt alle grenser.

* Lønnsutgiftene vil etter kvart auke for ingen skal gå ned i lønn og dei interne lønnsforskjellane mellom kommunane, skal i løpet av tre år jamnast ut, slik at alle kjem opp på same nivå.

* Mange politikarar vil i ein del tilfelle få godtgjersle som svarar til ei halv gjennomsnittleg årslønn og dei som sit på toppen kan få ei godtgjersle, som av tidlegare fylkesrådmann Lundevall, blir vurdert til «å vere i etikkens grenseland».

Det er ikkje rart at administrasjonen ikkje klarar å komme i mål med budsjettet og at drifta må ned med 87.5 millionar i løpet av dei første fire åra.

Dagunn Klakegg.

Dagunn Klakegg. Foto:

Dette vil bli merkbart på mange område men kanskje aller mest innan helsesektoren, der det er uløyste problem som er kalkulert 13.8 millionar kroner.

Eldreomsorga i Førde har vore på sparebluss lenge og spesielt dei tre siste åra har der, trass auka arbeidsmengd, ikkje vore tilført friske pengar. Vi har heile tida hatt statistikk som har vist at frå 2020 måtte det skje noko, både når det galdt utviding av lokale og auka bemanning/kompetanse, men ingen ting har skjedd. Eldrerådet har heile tida masa om at «ting tar tid», det skal både, planleggast, budsjetterast og byggast og at dette burde skjedd før 2020.

Men planlegginga er framleis ikkje kommen i gang og no er pengekassen tom.

Assisterande kommunaldirektør har truleg veldig rett når ho seier: «Vi må i større grad ta med oss utviklinga i folketal og alderssamansetting .»

Vi veit f.eks. at i dag har Førde nullvekst i befolkninga, at vi blir stadig fleire eldre og at det blir fødd færre barn. Prognosane for Sogn og Fjordane viser at det fram mot 2030 bli ein folkevekst på to prosent, medan gruppa av personar over 67 år er forventa å vekse med heile 42 prosent.

Kanskje vi slett ikkje har bruk for ein ny vidaregåande skule på Øyrane, eller Nynorskens hus, kanskje vi heller skulle tenke på innhaldet i dei bygningane vi har, vi kan f.eks. begynne med å ikkje øydeleggje området rundt Førdehuset. Vi må både ta vare på aktivitetane i huset og parkeringsplassen slik at der framleis kan vere ein møteplass for alle.

Folketalsutviklinga og alderssamansettinga viser at det ikkje hastar med å utvide den type bygg.

Det som derimot hastar er å få utvida Helsetunet og utvikle tenester, slik at det aukande tal eldre kan få ein meiningsfull og anstendig alderdom.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags