Norsk elbilpolitikk er ein suksess!

RETTFERDIG? Odd Frantzen meiner fritakspolitikken for elbilar er ein suksess. For å dekke tapte inntekter bør heller dei som køyrer mest betale meir, skriv han.

RETTFERDIG? Odd Frantzen meiner fritakspolitikken for elbilar er ein suksess. For å dekke tapte inntekter bør heller dei som køyrer mest betale meir, skriv han. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHelge Ottesen er oppteken av bompengar, elbil og rettferd i eit debattinnlegg 11.12.18. Han har svært lite til overs for dei økonomiske fordelane som kjem elbileigarane til gode.

Norge er vel det landet i verda no som er best på elbil. Eg synest det er vanskeleg å gjere det til noko negativt. Vi hadde aldri vore på toppen utan den spesielle elbilpolitikken. Store land i Europa ser til Norge for å lære. I midten av januar besøkte ein delegasjon frå Tyskland Norge for å lære meir om norsk elbilpolitikk og miljøvenleg energi.

Stortinget har sett seg svært ambisiøse mål. I 2025 skal alle nye bilar som vert selt i Norge vere nullutsleppsbilar. Det er kort tid og langt til mål. Vi har ikkje ein sjanse utan gode insentivordningar.

Marknaden er sensitiv for endringar i avgifter. Norsk elbilforening hevdar at dei i Danmark opplevde ein brå stopp i elbilsalet etter innføring av kjøpsavgift. No i oktober har danskane latt seg inspirere av Norge og har innført nye insentiv for elbil. I Danmark rullar det i dag rundt 9000 elbilar. I Norge er talet nærare 180.000.

Ottesen gir heile ansvaret for lågare inntekter frå bommane i Førde til elbileigarane. Det er urimeleg. Det er ikkje meir enn nokre dagar sidan (8/12) Firda skriv at dei to største gruppene som får fritak er dei som når månadstaket og timeregelen. Elbilar er den tredje største fritaksgruppa.

Bompengar kan aldri bli rettferdig, skriv Ottesen. Tja. Prinsippet er jo at dei som køyrer mest også betaler mest. Brukar du vegen lite, betaler du mindre. I mine auge er dette bra rettferdig.

Det finst altså fleire måtar å hindre inntektsnedgang i bommane på. Dei som verkeleg køyrer mykje kan kanskje betale litt meir? Månadstaket kan hevast. Og det bør vere opplagt at bompengetakstane følger konsumprisindeksen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags