Ein trussel mot borns rettigheiter?

Av
DEL

Lesarbrev

I desse tider, med korona og sosial distansering, så hadde vårt samfunn eit stort søkelys på å kjempe mot viruset. Etter at den blei sett på vent då viruset kom til Noreg, kjem den nye behandlinga av bioteknologilova opp for Stortinget snart. Det er ein lov som ein må vere forsiktig med å liberalisere. For liberalisering her vil føre til at born sine rettigheiter blir rivne ned.

Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti formar den juntaen som har fått gjennom ein liberalisering i bioteknologilova no i mai. Det å opne opp for eggdonasjon og assistert befruktning vil, frå mitt perspektiv, vere eit overgrep overfor dei borna som mistar nokre av rettane sine. I vårt samfunn, der ein vil så gjerne gi einslege og barnlause det dei ønskjer, så blir born, eit levande menneskje, gjort om til ein rettigheit for vaksne menneske. Utan tvil vil dette degradere rettigheitene til borna og stige nærmare eit umenneskeleg sorteringssamfunn.

Eg spør: korleis sikrar vi borns rettigheit til å få både moderleg og faderleg oppdraging, viss vi prioriterer at ei einsleg kvinne på 35 skal få lov til å få born gjennom assistert befruktning? Kvifor skal vi tillate at born mistar enten moderleg eller faderleg oppdraging? Kvifor skal vi tillate testar som gjer det enklare for foreldre å sortere vekk ufødde born med Downs syndrom? Kvifor legg vi opp til at vaksne skal ha ein rett til å ha born?

Born er ein heilt spesiell gåve, eit nytt menneskje. Viss vi fortsetje med denne samanlikninga, så skal det gå an å seie at du ikkje kan tvinge til deg ein gåve eller krevje at du får ein anna gåve. Samtidig er born menneske som har sine eigne rettigheiter. Dei er i rett å ha ei god oppseding, med både moderlege og faderlege impulsar, og at offentlegheita respekterer både desse rettane og foreldreretten.

Eg vil legge borna sine rettigheiter framfor vaksne sine krav og den såkalla «retten» til å ha born. Dei same rettigheitene som dette «Bioteknologiforliket 2020» vender seg mot.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags