Ein idiot på tur

NY TUR: Renate Rivedal inviterer Torgrim Eggen med på tur og har reiseplanen klar.

NY TUR: Renate Rivedal inviterer Torgrim Eggen med på tur og har reiseplanen klar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I «Ein idiot på tur» vert komikar og pessimist Karl Pilkington send verda rundt på fantastiske reisemål, men vert aldri vidare imponert. Han ynskjer aller mest å vere heilt i ro heime, og er ikkje så interessert i verken pyramidane i Egypt eller den kinesiske mur. Likevel gjer alle fordommane til hovudpersonen serien til svært underhaldande tv. Sjølv om han er ein klassisk «heimføding», altså ein som ikkje har bevegd seg utanfor heimstaden sin, gjer han seg godt på tv.

Nyleg hadde Vestlandet også besøk av ein idiot på tur, eller ein heimføding, med bagasjen lasta av fordommar, ein fotograf i passasjersetet, og med eit brennande ønskje om å returnere til hovudstaden. Det må ha vore eit merkverdig tospann som køyrde rundt i «en fremmed sivilisasjon» som han sjølv skildra det som. Vestlandet får nærast eit eksotisk drag over seg – som om Eggen og kompanjong eigentleg rir gjennom det Ville Vesten, mens tarmane vrir seg av smerter og kjeften snurpar seg saman grunna manglande alkoholservering.

Renate Rivedal er Vestlending og kulturformidlar busett i Bergen. I dette lesarbrevet skisserer ho ei alternativ reiserute for Torgrim Eggen.

Renate Rivedal er Vestlending og kulturformidlar busett i Bergen. I dette lesarbrevet skisserer ho ei alternativ reiserute for Torgrim Eggen. Foto:

Eggen og hans svirebror meiner at maten på Vestlandet kjem frå 70-talet, men dei sjølve verkar som dei kjem frå ein heilt annan tidsalder. Kven i alle dagar køyrer land og strand rundt, utan internett, utan mobil, utan GPS, utan ein plan og utan ein tanke? Vi snakkar høgsesong i fylket, i Noreg, i Europa – COVID-19 eller ei. Dei innrømmer sjølve at turen er dårleg planlagd, mobilen er borte vekk, og av ein eller anna grunn prøver dei å bruke nødtelefonen i ein tunnel til å ringe med.

Men det er ikkje berre dama på den andre sida av nødtelefonen som får passet sitt påskrive. Serveringsdama på Misjonshotellet er ifølge Eggen ikkje berre i 50 årsalderen – ho er tørr i tillegg. Tørr oppdrettslaks, tørr serveringsdame, berre ikkje ein tørr Riesling å oppdrive.

Den fuktige 61 år gamle Eggen derimot, han kjem seg til slutt tørrskodd over fylkesgrensa att til Hemsedal – der maten, serveringspersonalet og ikkje minst opningstidene endeleg møte krava hans. Hemsedal – the Holy Grail! Hemsedal – gourmetmatens krybbe, Hemsedal – Noregs svar på Tokyo.
H-E-M-S-E-D-A-L!

I slutten av juni hadde eg og familien min ein roadtrip til Austlandet, vi åt godt og drakk godt, både heime hos gode vener og ute på restaurant. Men store delar av Austlandet er ikkje heilt ulikt eksotiske Vestland. Der det er langt mellom både hus og folk, og langt mellom dei gode serveringsstadane. Etter ein tur på Kistefos Museum ein søndag, var det ikkje så enkelt å finne serveringsstadar som var opne og som ikkje serverte gatekjøkken mat. Dårleg mat, bygder og stengde dører finn ein både i aust og i vest. Og serveringsstadane treng trass alt både matmeldingar og besøkande om dei skal halde opne etter 17. Vi er eit lite land, og skilje mellom oss er nok gjerne mindre enn ein av og til ynskjer at det skal vere.

Eit par ting er eg likevel heilt einig med deg i Eggen: Stavkyrkjene våre er definitivt meir black metal enn stort sett alt anna, oppdrettslaks er noko drit, uavhengig av om den er tørr eller ikkje, Nikolai Astrup er ein av dei aller største kunstnarane i Noreg, Stig Eikås er det ikkje, men skulpturparken hans er underhaldande til tusan og Vestlandet vinn på fjord, fjell og natur.

I «Ein idiot på tur» får Karl reisa si planlagd av Ricky Gervais, eg er verken vittig eller rik som han, men om du nokon gong tørr deg over fylkesgrensa att, kan eg sette opp ei fin rute til deg med både kultur, vin og mat i dungevis! Kor artig hadde det ikkje vore om du, Eggen, faktisk kunne anbefalt og løfta fram nokre av dei flinke folk vi har i fylket vårt, som jobbar døgnet rundt for at både turistar og lokalbefolkning skal ete god mat og få gode opplevingar.

Her er ein liten smakebit av det du har i vente: Om du hadde stoppa heilt i botnen av Sognefjorden, kunne du ha ete villaks og leska strupen din i vin på Skjolden Hotel, i staden for oppdrettslaks på Misjonshotell. Her kunne de gått på Molden og fått maksimalt med utsikt for minimalt med energi.

I Fjærland kunne de ha besøkt den vakre Bokbyen, og handla med deg litt lesestoff og overnatta på sjarmerande Fjærland Fjordstove.

Nyleg opna «Brunsj og Brille» med optikar og matfantast Elisa Sunde i spissen, ligg 50 meter unna der de åt «sjukehusfrukost» på Thon Hotell på Skei. Her kunne de starta dagen med ein herleg brunsj, medan de venta på maten kunne de handla nye briller som de kunne tatt i bruk for å nyte den fabelaktige utsikta over Jølstravatnet.

Om de hadde tatt turen vidare kunne de opplevd «Leonards forlovelse» som ligg som ei perle i Dalsfjorden, her ville du blitt oppvarta med heimelaga honningbrød, med lokale ostar og heimelaga marmelda. Alt med varme og gjestfridom – og ikkje minst rimelege prisar.

På «Askvoll Sjømat & Delikatesser» kunne de handla med dokker ost, salat, heimelaga fiskekaker og mengder av anna snadder. Tatt båten ut til øyene utanfor, og avslutta med eit festmåltid aller lengst vest i Noreg, med sykkeltur på Bulandet og overnatting på Værlandet Havhotell.

Om du ynskjer kan du få sitte på med meg neste gong Torgrim, eg har nett og batteri på telefonen, GPS så vi kan finne fram, og ikkje minst kreativitet og optimisme til å ta oss med på alle dei fine stadane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags