Ein god NTP-uttale for gamle Sogn og Fjordane

PRIORITERT: Fleire viktige E39-prosjekt vart prioriterte i høyringsuttalen. Dette gjeld Bogstunnelen–Gaular grense, Storehaug–Førde og Byrkjelo–Grodås, samt utbetring av punkt på strekninga Byrkjelo–Sandane. Biletet er frå .E39 gjennom Gullkista mellom Reed og Sandane.

PRIORITERT: Fleire viktige E39-prosjekt vart prioriterte i høyringsuttalen. Dette gjeld Bogstunnelen–Gaular grense, Storehaug–Førde og Byrkjelo–Grodås, samt utbetring av punkt på strekninga Byrkjelo–Sandane. Biletet er frå .E39 gjennom Gullkista mellom Reed og Sandane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDen nyleg vedtekne høyringsfråsegna til Nasjonal Transportplan i Vestland fylkesting var den første store testen på kor vidt ein greier å sjå heile det nye fylket, og ikkje berre Bergen og omland slik ein del i gamle Sogn og Fjordane har frykta. Eg meiner fylkestinget bestod den prøva med god margin.

Fleire viktige E39-prosjekt vart prioriterte i høyringsuttalen. Dette gjeld Bogstunnelen – Gaular grense, Storehaug – Førde og Byrkjelo – Grodås, samt utbetring av punkt på strekninga Byrkjelo – Sandane.

Storehaug – Førde vil erstatte den ulykkesbelasta, bratte og svingete vegen ned til Førde sentrum frå sør. Prosjektet vil også gje stor innsparing i reisetid og vere eit viktig trafikktryggleikstiltak. Fylkestinget meiner difor det bør prioriterast i første periode.

Også strekninga Vågsbotn – Klauvaneset på E39 nord for Bergen ber ein om vert igangsett i første periode av den nye transportplanen. Dei som køyrer ein del til og frå Bergen veit godt at dette er ein flaskehals som vil bety mykje også for oss i nordre del av det nye fylket.

Fylkestinget er vidare klare i prioriteringa når det gjeld Stad skipstunnel. Her viser ein til at Stad skipstunnel er prioritert av eit samla Storting i gjeldande NTP, og forventar difor at Stad skipstunnel får oppstartsløyving i 2021 og vert fullfinansiert påfølgjande år.

Eg gler meg vidare over at fleire andre viktige prosjekt i gamle Sogn og Fjordane har fått plass i høyringsuttalen. Dette gjeld m.a. Vikafjellstunnelen, Markegata i Florø, Strynefjellstunnelane og ikkje minst kravet om eit godt flytilbod på kortbanenettet.

Fylkestinget er klare på at liv og helse må prioriterast først, og at transportnettet vårt må vere trygt, framkomeleg og bidra til balansert utvikling i heile fylket.

Vi har store utfordringar med klimaendringar som gjer større behov for både rassikring og vedlikehald.

Næringslivet i Vestland skapar store verdiar for Noreg i form av eksportverdiar og skatteinntekter. Det må også reflekterast i prioriteringane. Som det nest største av dei 10 fylka i landet utanom Oslo må vi ha ei klar forventning om å få gjennomslag for krava våre.

Større gjennomslag inn mot sentrale myndigheiter for gamle Sogn og Fjordane var eit av argumenta mine for å seie ja til regionreforma. Dette blir ein god test på om storting og regjering høyrer etter og gjer Vestland vår rettmessige del av kaka.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags