Ein fantastisk idrett!

Av
DEL

LesarbrevOrientering er ein fantastisk idrett! Og verkeleg ein idrett for alle! Eg har visst det, og meint det i over 50 år, men fekk eit nytt prov under Fjord-O 2020 som vart arrangert av O-gruppene i Førde og Tambarskjelvar 22.-26. juli. Med to løp på Ramsdalsheia på grensa mellom Kinn og Sunnfjord og to løp på Langeland/Bringeland.

Her møtte du 7-8-åringar, og her møtte du dei som nærmar seg nitti. Her møtte du ferskingane, nybyrjarane, og dei røynde. Amatørane og eliten, på same løpet. Verdsmeister Olav Lundanes saman med dei minste og dei eldste. Med løyper tilpassa alder, nivå og erfaring. Her kan sjølv den beste bomma og rote rundt mellom tuer og tre. Her trenar du både kropp og hjerne, i kupert terreng, og ute! Anlegget er gratis!

Trass i ulike smitteverntiltak var det mogleg å arrangere fire O-løp for kring 600 deltakarar frå alle delar av landet, frå nord, sør, aust og vest! Det tok litt lengre tid enn vanleg, men samstundes vart det litt mindre stress, kav og mas. Det tok dagen – og folk heldt smittevernreglane med Antibac og avstand, etter det eg kunne sjå.

Og folk var godt nøgde! Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på både løyper, terreng og anna tilrettelegging. Fjord-o 2020 var det einaste store (over fire dagar) o-løpet som var denne sommaren – og det var altså i Sunnfjord!

Med ein god stab av erfarne, interesserte og engasjerte friviljuge var det mogleg å arrangere!

Tusen takk til alle!

MÅLGANG: Spetaktulær målgang på Ramsdalsheia!

MÅLGANG: Spetaktulær målgang på Ramsdalsheia! Foto:

På veg mot mål!

På veg mot mål! Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags