Ein by med splitta personlegdom: Sykkelbyen og pendlarbyen Førde

LITE PARKERING: Slik blir den nye vidaregåande skulen i Førde sjåande ut. Innsendarane spør om politikarane har gløymt at Førde er ein pendlarby, når det er planlagt 42 parkeringsplassar ved den nye skulen.

LITE PARKERING: Slik blir den nye vidaregåande skulen i Førde sjåande ut. Innsendarane spør om politikarane har gløymt at Førde er ein pendlarby, når det er planlagt 42 parkeringsplassar ved den nye skulen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ein litt kald augustmorgon klokka 04.30 i 2023. På Viksdalen trillar ein person sykkelen sin fram på tunet. Festar på ei sykkelveske, tek på seg refleksvest og sykkelhjelm og skrur på lykta. Trøytt trakkar personen seg framover mot Haukedalen, og gruar seg til bakkane opp Rørvikfjellet. Heldigvis er det selskap å få oppover, nokre fleire heng seg på.

Varme og sveitte trillar dei ned att på motsett side av fjellet. Langs Holsavatnet heng endå fleire seg på følgjet. I samla tropp fortset dei turen mot Førde, heldigvis er den verste delen av turen over. Her kjem dei inn på asfalterte og opplyste sykkelvegar. Litt før klokka 08.00 parkerer dei syklane sine ved Førde vgs. Dei heng sykkelhjelmen på styret og tek av sykkelveska. Dei strenar i rask gonge mot personalgarderobane for ein kjapp dusj. Klokka 08.20 ringjer det nemleg inn til første time.

Den same augustmorgonen står ein person på Sandane og ventar på å stige om bord på bussen. Klokka er 06.00 og termokoppen med varm kaffi er god å ha på turen. På Byrkjelo og langs Jølstravatnet stig fleire på bussen, nikkar til kollegaer og set seg ned. På turen til Førde blir timar planlagt. Tankar svirrar om alt ein ikkje rekk … dans, korpsøving og junior sin fotballkamp i ettermiddag. Det er nemleg møter i ettermiddag, og dei er ikkje ferdige før kl. 17.00. Då blir det 18.15-bussen heim, på Sandane er ein tre kvarter etter at fotballkampen er ferdig. Det blir ikkje mykje tid att til familien med denne busspendlinga.

Er det slik politikarane i Sunnfjord kommune ser for seg at dei mange tilsette på nye Førde vidaregåande skule skal kome seg til og frå arbeid?

Til nye Førde vidaregåande skule planlegg Sunnfjord kommune 42 parkeringsplassar til dei tilsette. På Mo og Øyrane vidaregåande skule aleine jobbar godt og vel 95 personar som bur så langt frå Førde sentrum at sykling ikkje er eit alternativ, og kollektivtransport ikkje alltid korresponderer med arbeidstida. I tillegg kjem dei tilsette på Hafstad vidaregåande skule, besøkande, elevar, tilsette på tannklinikken og barnehagen som er tenkt bygd i bydelen. Kvar skal alle desse parkere?

Det er lite truleg at Øyrane senter, Førdegarden, Firda, Alti Førde, BB-gruppen og Bohus vil setje pris på at parkeringsplassane deira blir brukt av tilsette, elevar og besøkande ved Førde vidaregåande skule frå klokka 08 til 16 kvar vekedag. Då vil ein få same tilhøve som på sørsida, då kommunehuset låg over Møbelringen. Dei fleste parkeringsplassane i området gjekk til kommunen sine tilsette og brukarane av tenestene som låg i kommunehuset.

Nokre underviser både på skulen i Førde sentrum og på Mo, og har behov for å kome seg att og fram mellom timane. Som tilsette ved skulen har ein også behov for å samle alle til møter. Dette skjer ved skulen i sentrum. Kvar skal dei tilsette som i hovudsak har undervisninga si på Mo parkere for planleggingsdagar og møter? Kanskje dei får spenne for ein karjol for fjordingane, og la hestane grase i parken mens møta går føre seg?

Slik blir myldrerommet i den nye vidaregåande skulen i Førde sjåande ut.

Slik blir myldrerommet i den nye vidaregåande skulen i Førde sjåande ut. Foto:

Sunnfjordpolitikarane er hjarteleg velkomne til skulen for å fortelje vaksne elevar med ferskt førarkort og blankpolerte bilar med feite felgar at dei ikkje får køyre gliset sitt til skulen.

Det ser ut til at kommunen ikkje har teke med i rekninga at fleire hundre 9. og 10.-klassingar kvar haust og vår besøkjer skulen i samband med utdanningsval. Desse elevane kjem frå skular i kommunen og omliggjande kommunar. Og dei er i følgje med lærarar, som har behov for å kunne parkere ved skulen. Manglande parkeringstilhøve vil difor direkte ramme kommunen sine eigne tilsette og elevar ved Sunnfjordskulane.

Politikarane har vedteke at Førde er ein sykkelby, utan å ta omsyn til at Førde først og fremst er ein pendlarby.

Det er sikkert fine visjonar som ligg bak tanken om ein urban og sentrumsnær bydel på Indre Øyrane tilrettelagd for mjuke trafikantar. Men noko Grünerløkka blir bydelen aldri, uansett kva vyar ein har på rådhuset.

Kommunen ser ut til å ha gløymt at dei fleste som jobbar i Førde sentrum bur utanfor sentrum, og at det ikkje alltid går ein buss. Ein skal ikkje lenger utom sentrumskjernen enn til Farsund, før det blir vanskeleg med bussforbinding på regelmessig basis.

Mange leverer barn i skule og barnehage på veg til skulen. Det er ikkje gitt at barnehageplassen ein har fått ligg på vegen til arbeid. Mange køyrer omvegar for å få levert barnet sitt i barnehagen. Difor er det i den travle kvardagen heller ikkje mogleg for alle som bur sentralt i Førde å sykle eller bruke kollektivtransport, for å levere barn i barnehagen og rekke jobben i tide.

Når fylkeskommunen byggjer ny vidaregåande skule for framtida, med 1000 elevar og 300 tilsette, er det galskap å berre gje løyve til 42 parkeringsplassar. Her må politikarane «få hovudet ned frå skyene» og handle fornuftig. Sjølv om det sit langt inne, det er lov å snu.

Eit vedtak gjeld berre til det er kome eit nytt vedtak, seiast det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken