Ei forseinka krise for entreprenørane?

FASTLÅST: Ein kombinasjon av redusert oppdragsmengd og kostnadsauke vil kunne føre til tap av arbeidsplassar og konkursar. Vi er i ein fastlåst situasjon der entreprenørane blir den tapande part. Det fortel oss at krisepakkane frå Stortinget til no ikkje har treft godt nok, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå arbeid på E39 på Hafstadflata i Førde.

FASTLÅST: Ein kombinasjon av redusert oppdragsmengd og kostnadsauke vil kunne føre til tap av arbeidsplassar og konkursar. Vi er i ein fastlåst situasjon der entreprenørane blir den tapande part. Det fortel oss at krisepakkane frå Stortinget til no ikkje har treft godt nok, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå arbeid på E39 på Hafstadflata i Førde. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Dei negative effektane av koronapandemien vil treffe dei ulike delane av norsk næringsliv ulikt. I anleggsbransjen kan hausten bli tung dersom ikkje oppdragsmengda tek seg opp.

Anleggsentreprenørane har dei siste månadane gjort ein kjempeinnsats for å sikre forsvarleg drift i pågåande prosjekt. Mange har klart å halde folk i arbeid, men smitteverntiltaka og redusert produksjon har påført bedriftene betydelege kostnadar.

I ei undersøking som nyleg er gjennomført blant 874 entreprenørar oppgir 56 prosent at pandemien og smitteverntiltaka har medført negative økonomiske konsekvensar for eiga verksemd. I om lag alle tilfella er dette kostnader som entreprenørane har måtte dekke sjølv. Oppdragsgjevarsida har ikkje ønskt å ta sin del av denne rekninga.

Same undersøking viser at det er stor usikkerheit i kring oppdragsmengda i anleggsbransjen utover hausten; 34 prosent av entreprenørane beskriv eigen oppdragsmengd som, «dårleg»/»svært dårleg» og 13 prosent vurderer nedbemanning.

Ein av hovudgrunnane til denne usikkerheita er låg aktivitet i kommunal sektor i løpet av dei siste månadane. Kun fire prosent av entreprenørane svarar at kommunane og fylkeskommunane har lyst ut fleire anbod i år samanlikna med i fjor. I ei tid der vi treng at offentlege oppdragsgjevarar skapar aktivitet, skjer dessverre det motsette. Frå kommunal og fylkeskommunal sektor er tilbakemeldingane av uvisse omkring eigne koronakostnadar gjer til at bygg- og anleggsprosjekt blir sette på vent.

For Vestland fylkeskommune syner førebelse prognosar eit underskot på over 700 millionar kroner. I tillegg kjem underskota til mange andre kommunar i regionen som samla truleg er på nokre hundre millionar kroner.

Ein kombinasjon av redusert oppdragsmengd og kostnadsauke vil kunne føre til tap av arbeidsplassar og konkursar. Vi er i ein fastlåst situasjon der entreprenørane blir den tapande part. Det fortel oss at krisepakkane frå Stortinget til no ikkje har treft godt nok.

Politikarane kan løyse denne floken ved å kome med tiltak som gjev auka aktivitet, som ekstraløyvingar eller garantiar til kommunar og fylkeskommunane. I tillegg må statlege oppdragsgjevarar få økonomiske rammer som gjer dei i stand til å dekke delar av meirkostnadane til entreprenørane.

Disse tiltaka vil vere med å sikre arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta, samtidig som vi kan redusert de store vedlikehaldsetterslepet på offentleg infrastruktur. Det no politikarane må vise handlekraft!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags