E39 forbi Førde - svar til Odd Skrede

Av
DEL

LesarbrevI eit innlegg i Firda om arbeidet med ny kommunedelplan for E39 Byrkjelo-Grodås, stiller Odd Skrede underteikna spørsmål om det er gjort liknande tiltak for å få ny E39 utanom Førde.

Svaret er at det alt i 2013 blei fastsett ein kommunedelplan for E39 forbi Førde (Myra–Brulandsberget–Viegjerdet). Vegtraseen er altså fastsett. Arbeidet hos oss har derfor etter dette vore knytt til å få prosjektet inn i Norsk Transportplan (NTP), noko som er ein føresetnad for å kome i gang. Prosjektet fekk ikkje ein tilfredsstillande plass i NTP’en som Stortinget behandla sommaren 2017, og vi må derfor arbeide hardt for at det kan kome inn i neste NTP som Stortinget skal behandle sommaren 2021.

I arbeidet vårt med å få E39 forbi Førde inn i den neste NTP er det nå kome inn nokre nye og viktige moment i saka. Det eine knyter seg til eit arbeid Statens vegvesen har gjort med 120 store vegtiltak, kor formålet har vore å gjere desse enklare og billigare. I dette arbeidet har Statens vegvesen òg sett på ny E39 forbi Førde, og kome fram til at dette prosjektet kan gjerast nesten 900 millionar billigare enn tidlegare lagt til grunn. Det andre er at Statens vegvesen har gjort nye vurderingar av nytten E39 vil ha for målopninga til Førdepakken, og har kome fram til at dette prosjektet vil ha ei endå meir gunstig effekt på trafikkavviklinga i Førde enn tidlegare lagt til grunn.

Det er svært viktig å få plass ny E39 forbi Førde. Ikkje berre fordi det vil styrke E39 som nasjonal korridor, fjerne ulemper og trafikkutfordringar på dagens E39, redusere gjennomgangstrafikken gjennom Førde sentrum og styrke Førde som regionby, men òg gjere byen meir attraktiv på mange måtar. At ny E39 både blir billigare og vil ha større positiv effekt enn tidlegare lagt til grunn, er derfor godt nytt å ta med seg inn i det viktige arbeidet fram til Stortinget skal behandle neste NTP sommaren 2021.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags