Vegval og bruer i Førde – løysing eller kaos?

UTANOM: Europa- og riksvegar må gå utanom sentrum. Førde kan ikkje vente i nye 25–50 år. Politikarane må stå fram og legge all tyngde og merksemd på langsiktige løysingar, skriv artikkelforfattarane.

UTANOM: Europa- og riksvegar må gå utanom sentrum. Førde kan ikkje vente i nye 25–50 år. Politikarane må stå fram og legge all tyngde og merksemd på langsiktige løysingar, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

MeiningarVegen vert til medan du går – er eit godt uttrykk. Men det samsvarar ikkje godt for dei vegvala som etter kvart tvingar seg fram i Førde.

Er løysingane for trafikken i Førde komne inn på eit spor som langt frå vil løyse dei utfordringane regionen treng?

Statens vegvesen legg som hovudregel, til grunn – at hovudvegar (Europavegar og riksvegar) skal gå utanom tettstadane, jf. Lavik, Eid, Sandane, Sande, Lærdal m.fl.

Kvifor gjeld ikkje dette for byen Førde? Her vert alt lagt til rette for at all trafikk skal gå gjennom sentrum. Dei vedtaka som til no er gjort, vert stykkevis og delt og utan heilskap. Byen vår får dårlege løysingar med omsyn til luftkvalitet, grunna fortetting av trafikken, særleg i rushtida.

For over 40 år sidan vedtok kommunestyret at E39 skulle gå frå Bruland til Reset. Men til ho har det ikkje lukkast å få på plass klare vedtak om trasévalet. Er Førde på veg mot kortsiktige kriseløysingar?

Førdepakken – frelsar eller syndebukk?

Mange trafikantar i Førde med omland har oppfatta at Førdepakken skulle sikre at hovudvegane vart lagt utanom sentrum. Men i dag har pakken fått eit uklart innhald og mandat som er vanskeleg å forstå. Det kan verke som om det er, og har vore, ei samanblanding av uklare roller mellom politikarane og byråkratane/planleggarane.

Viktige avgjerder kjem ikkje på plass i tide. Førde by vert tvinga til å ta avgjerder som langt frå vil gje langsiktig verknad. Løysingar som i verste fall vert meir øydeleggande enn til nytte for oss som bur her. Vi må truleg bu oss på eit kaos av uklare tilhøve, med omsyn til fornuftig og samordna bruk av arealet i byen vår.

Kvifor vert ikkje heilskapen i Førdepakken vist? Slik vil trafikken gå i framtida?

«Det er for seint å snyte seg når nasen er av». Men framleis er det høve til å påverke og få endringar som kan bøte på noko av det som vert køyrt fram som einaste løysing. No må planleggjarane og politikarane slutte å halde trafikantane for narr.

Europa- og riksvegar må gå utanom sentrum. Førde kan ikkje vente i nye 25–50 år. Politikarane må stå fram og legge all tyngde og merksemd på langsiktige løysingar. I andre deler av landet vårt får slike prosessar meir merksemd og midlar. Det må vere slutt på at utkantane i landet vårt må finne seg i å stå sist i køen. Førde by og den komande storkommunen må få europa- og riksvegar høgre opp på prioriteringane.

Når kan vi vente at det skjer?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags