Respekter bandtvangen

Vilja og Lura på fjellet.

Vilja og Lura på fjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dessverre har ein i år og fått melding om lam som er skada/drepne av hund. På nettet ligg det ein video, publisert 23.07.18, av eit lam som vart jaga på vatnet av hund og som drukna.

Respekten for bandtvang er dessverre liten hjå ein del hundeeigarar og ein opplever stadig å treffe på hundar som er lause, når ein ferdast i beiteområda. Ei tilbakemelding frå ein tur i fjellet, var at berre ein av fem hundar gjekk i band. Dette er urovekkande.

Vi vil minne om at det er generell bandtvang i perioden 1. april  - 20. august. I tillegg er det mange kommunar som har vedteke forskrift om utvida periode for bandtvang.

Uansett bandtvang eller ikkje, så har ein plikt til å ha kontroll over hunden sin. Dette er særs viktig når ein ferdast med hund i eit beiteområde. Lause hundar i ein saueflokk kan gjere stor skade og påføre dyra mykje smerte og liding. Dette gjer svært vondt for småfeeigarane. Like vondt som det er for hundeeigar om hunden vert kravd avliva.

Ver merksam på at det kan vere mykje beitedyr i fjellet på ein fin dag sjølv om du som hundeigar ikkje ser eller høyrer dei. På varme dagar ligg som regel dyra i skuggen, og du oppdagar dei ikkje før du kjem heilt inn på dei, og skremmer dei opp.

Vi ønskjer alle hundeeigarar, med hunden i band, god tur i beiteområdet.

La oss sleppe å oppleve at fleire beitedyr vert skada av laushundar i beitesesongen 2018.

Hugs også å late att grindene.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags