Dobbeltmoral om vindkraft og hyttebygging

DOBBELTMORAL: Det lyser dobbelmoral når lokale leiarar i «Motvind» går imot utbygging av vindkraft, og argumenta er å redde det lokalebiologiske mangfoldet. Det kan ikkje vere slik at ein grunneigar skal kunne drive næringsaktivitet for eiga vinning, for så rundt neste sving motarbeide andre i lokalmiljøet sitt som vil utnytte eigedommane sine i fjellet., skriv artikkelforfattaren.

DOBBELTMORAL: Det lyser dobbelmoral når lokale leiarar i «Motvind» går imot utbygging av vindkraft, og argumenta er å redde det lokalebiologiske mangfoldet. Det kan ikkje vere slik at ein grunneigar skal kunne drive næringsaktivitet for eiga vinning, for så rundt neste sving motarbeide andre i lokalmiljøet sitt som vil utnytte eigedommane sine i fjellet., skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Mange ekspertar på verning av biologisk mangfald ser på vindkraft og hyttebygging som likeverdige.
Dette på grunn av at det er ganske arealkrevjande.

I tida etter at det vart kjent at eg saman med mange andre grunneigarar, hadde skrive under på
avtale med vindkraftutbyggar på fjellet mellom Viksdalen og Høyanger, har nokre av oss blitt stempla
som grådige kapitalistar som berre er ute etter å tene mest mogeleg med pengar. Vi skal visstnok vere med å
påføre naturen skader som først blir retta opp i neste istid.

Desse skuldingane mot oss grunneigarar stemmer ikkje. Vi ønskjer å bruke arealet vårt til vindkraft, som er ei
fornybar energikjelde, og som Stortinget har vedteke målsetningar og støtteordningar for, fordi verda treng meir
grøn energi. Derimot når det gjeld hyttebygging så finst det ingen nasjonale målsetningar. Der er det ein fri marknad, der seljarar av hyttetomter møter kjøparar, og det blir selt til den som vil betale mest.

Dei som har eigedommar i fjella mellom Viksdalen og Høyanger må ha full rett til å legge til rette for næringsaktivitet som
kan gje gardsbruka årlege inntekter. Ifølge utrekningar frå journalist O.J. Øvretveit i Firda, så har avtalane våre ein gjennomsnittsverdi på kr 150.000,- pr. år pr. bruk. Dette vil gjere livet til mange gardbrukarar lettare økonomisk, men ingen kjem til å verte rike.

At vindkraft kjem i konflikt med vern av Gaula kan eg ikkje sjå, ettersom primærområdet for vindkrafta ligg i nedbørsfeltet
til ikkje verna vassdrag og utbygde kraftverk i Høyanger. Derimot når eit storstila hyttefelt ved Hestadfjorden på
30 tomter som bandlegg 170 mål naturskog, kan godkjennast i nedbørsfeltet og tett opp til den verna vass-strengen
til Gaula, så bør dei sterkaste vassdragsvernarane vakne.

Når hyttefeltet er ferdig trur eg ikkje det er mykje att av allemannsretten på dei 170 måla som er bandlagt. Eg registrerer også at det tett ved hyttefeltet skal investerast mykje pengar for tilrettelegging for tilkomst til Eikelandsfossen. Er dette greitt i forhold til vassdragsvernet?

Det lyser dobbeltmoral når lokale leiarar i «Motvind» går imot utbygging av vindkraft, og argumenta er å redde det lokale
biologiske mangfaldet. Det kan ikkje vere slik at ein grunneigar skal kunne drive næringsaktivitet for eiga vinning, for så rundt neste sving motarbeide andre i lokalmiljøet sitt som vil utnytte eigedommane sine i fjellet.

Når hyttefeltet er fullt utbygd, så vil hytteeigarane vere fleire enn dei fastbuande. Hytteeigarane vil gjerne ha fred og ro og urørt natur. Då kan balansen fort snu seg og det vert hytteeigarane rundt Hestadfjorden som får bestemme kva næringsaktivitet som skal vere tillate. Hytteeigarane likar ikkje bråkande forhaustarar og møkkaspreiing midt i ferietida.

Det biologiske mangfaldet som vert endra i eit hyttefelt på 170 mål svarar til 17 km veg i fjella mellom Viksdalen og Høyanger. I fjellet er ca. 50 prosent gråstein og mose, noko som dekker store areal i Sunnfjord-fjella, og dermed ikkje mangelvare. Poenget er at vindkraft i fjella mellom Viksdalen i aust og E39 i vest er langt meir miljøvenleg enn eit hyttefelt på 170 mål ved Hestadfjorden. På dette fjellet er det ikkje mykje urørt natur igjen. Der er det vassregulering og demningar, fleire kraftlinjer og eit jordsmonn som sannsynlegvis inneheld meir fluor og miljøgifter etter 10-år med industri i Høyanger enn nokon anna stad i Sunnfjord.

Dersom dei som arbeider mot vindkraft og grøn energi produsert i vårt lokalmiljø, hadde brukt like mykje energi på kva
ein kunne nytta energien til lokalt for å skape nye arbeidsplassar, så ville næringslivet i Sunnfjord ha blomstra.

Det finst mange døme på kva energien kan brukast til. Vi kan produsere hydrogen. Lage metanol av skogsavfall. Lage syntetisk drivstoff, og gassifisere bosset som i dag vert sendt til Sverige på fossildrivne lastebilar. Ein kan også tenke seg datalagringssenter i fjellet, med både vindkraft og vasskraft, så er straumtilgangen dobbeltsikra og det kan leggast i eit område som er 100 prosent sikkert for snøskred, jordras og flaum. Så høgt til fjells ville ein bruke mindre energi til kjøling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags