Dette kan redusere oppleving av isolasjon hos eldre

DIGITALT: For dei som vert isolerte, om det er i institusjon eller eigen heim, kan difor digitale kommunikasjonsverkty vere eitt viktig alternativ, skriv artikklforfattaren..

DIGITALT: For dei som vert isolerte, om det er i institusjon eller eigen heim, kan difor digitale kommunikasjonsverkty vere eitt viktig alternativ, skriv artikklforfattaren.. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Eldre med svekka helse som bur på institusjon eller heime er av dei mest sårbare gruppene når det kjem til sjukdomsgang av koronavirus. Sjukeheimar og andre institusjonar er pålagt besøksforbod og åtgangskontroll for å beskytte dei som bur der. Felles aktivitetar og arrangement ved institusjonar er avlyst.

Tidlegare forsking viser at mange av dei som bur på sjukeheim opplever einsemd. Nærleik og kontakt med familie og nære er av stor betyding for å motverke dette. Både det å vere i risikogruppe og å ikkje kunne få besøk, kan føre til auka uro hos dei eldre. Pårørande betyr tryggleik og stabilitet. Den sosiale isolasjonen som følgje av tiltaka mot koronavirus er ei ekstra utfordring både for den eldre sjølv, for pårørande og for hjelpeapparatet.

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) arbeider til vanleg med område som skal bidra til kvalitetsforbetring og auka livskvalitet for dei eldre. Velferdsteknologi er eitt av fleire viktige område som kan gjere kvardagen lettare for dei eldre og dei som arbeider i tenestene.

For dei som vert isolerte, om det er i institusjon eller eigen heim, kan difor digitale kommunikasjonsverktøy vere eitt viktig alternativ. Bruk av videokommunikasjon er etter kvart ein naturleg måte å kommunisere på for folk flest, men innanfor omsorgsbustadar og sjukeheimar er dette lite brukt. Med tanke på utfordringane ved å vere isolert er det viktig å ta i bruk verktøya, og at eldre, pårørande og helsepersonell får erfaringar med å nytte desse.

Utviklingssenteret har nyleg innhenta erfaringar om kva verktøy som kan vere enkelt å bruke for alle partar. For eldre som kan nytte vanlege nettbrett, smarttelefon eller PC, finst det fleire løysingar til videokommunikasjon som er gratis og enkelt å setje opp. Ofte er dette løysingar som personalet er kjend med frå før.

Det finst også verktøy med ein skjerm og ein knapp for dei som har vanskar med å nytte smarttelefon eller nettbrett. Her kan heile familien enkelt kople seg opp via ein app, og sende bilde, melding og gjennomføre tovegs videosamtale med den eldre. Her kan det vere ein fordel at samtalane er avtalt på førehand, og det fordrar eit godt samarbeid mellom familie og personalet for å få dette til å fungere best mogleg.

Alle løysingar krev tilgang til internett. Telefon, og nettbrett som er tilrettelagt for det, kan koplast via 4G.

Lovverket er ikkje til hinder for å nytte desse verktøya, her gjeld same lovverk som ved bruk av vanleg mobiltelefon.

Dersom tenestene eller pårørande har spørsmål, eller ønskjer å ta i bruk verktøya, kan Utviklingssenteret vere til hjelp i forhold til anskaffing, opplæring og brukarstøtte.

Kontaktadressa til Utviklingssenteret finn de her www.ushtsognogfjordane.no

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags