«Det skjer», ei viktig spalte for mange av Firda sine lesarar

Av
DEL

Lesarbrev

«Det skjer», ei viktig spalte for mange av Firda sine lesarar.

I den seinare tid har vi ikkje funne noko å lese på «Det skjer»-sidene. Forståeleg, sidan lite og inkje har skjedd av sosiale tilstellingar i koronatida.

Men no har eg forstått at «Det skjer» slett ikkje kjem att, sjølv om korona slepper. Firda har lagt ned sida.

Dette er leit tykkjer eg. Det skjer-sida var eit godt tilbod til lesarane og alle som driv frivillig arbeid i lag og organisasjonar.
Firda vil gjerne vera eit medium som gir lesarane i sitt område god lokalkunnskap og lokal informasjon. Dette tilbodet er no svekka.

Det er kanskje ikkje opplagt at Firda skal drive dugnad på vegner av lokale lag og organisasjonar, men det finst gode grunnar for å tilby dette tilbodet att.

Like eins som alle bilde lesarane sender til Firda er hyggeleg lesing/sjåing, er og fyldigare informasjon om det som skal skje i lokalmiljøet viktig lesing for mange. Ikkje alle som driv frivillig arbeid, har store budsjett. Sparekniven er flittig brukt. Høvet til å skrive og sende inn denne informasjonen, fortel meir enn ei ev. knapp annonse, som for frivilligheita oftast er det meste ein kan koste på (og ikkje alltid det heller).

Slik informasjon er viktig for mange av Firda sine lesarar.

Eg veit ikkje kva som er grunnen til at Firda har kutta ut Det skjer-spalta. Vil ikkje spekulere i det heller. Men eg tenkjer det er ein god idé om dette vedtaket vert revurdert, og spalta dukkar opp att, til glede for mange lesarar.

Eg håpar redaksjonen vil vurdere å opprette spalta att.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags