Det grøne skiftet og klimakur

HISTORIELAUST: At vi t.d. tar mål av oss til å redde klimaet ved å slutte og ete raudt- og anna kjøt, og dermed også setje eigen matproduksjon og sjølvforsyning i fare! Kor kunnskaps-og historielaus går det an å bli? spør artikkelforfattaren.

HISTORIELAUST: At vi t.d. tar mål av oss til å redde klimaet ved å slutte og ete raudt- og anna kjøt, og dermed også setje eigen matproduksjon og sjølvforsyning i fare! Kor kunnskaps-og historielaus går det an å bli? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Så langt attende vi kjenner historia, har menneska levd og livnært seg ut frå til ei kvar tid beste kunnskap og praksis.

Dette har til alle tider vore utgangspunkt for fornya kunnskap, innovasjon og utvikling.

Dei av oss som opplevde andre verdskrig og etterkrigstida med gjenreising av landet og utbygging av infrastruktur som grunnlag for arbeid og busetnad, ser nok at mykje av metodar og materiale som vart nytta ikkje var svanemerkte.
Kunnskapen om miljøkonsekvensar var ikkje på dagens nivå. Det viktige var å få hjula raskast mogeleg i gang.

Den norske miljødebatten går sin gang med sterke meiningar i mange retningar. Noko som er sunt i eit demokrati.
I Norge er vi i den heldige situasjon at vi no har kunnskap og ressursar til å løyse mange av miljøutfordringane vi står framfor. Spørsmålet er kor fort ein skal gå fram.

Val av dei beste og mest effektive løysingar på lang sikt, er det viktig å bruke tilstrekkeleg tid på til at ein er sikre på verknadane.
Vi må også vere bevisste på at Norge i dag berre står for 0,04 prosent av CO₂-utsleppa i verda. Her er også all olje og gassproduksjon på norsk sokkel inkludert. Noko som tilseier at vi neppe ved nasjonale tiltak vil kunne bidra særleg mykje til reduksjon av klimagassar i eit globalt perspektiv.

Miljøpendelen har svinga frå raudt til grønt. Men som ofte elles, ser også denne pendelen ut til å ha fått for stor fart og svingar på veg inn i meiningsløysa.

At vi t.d. tar mål av oss til å redde klimaet ved å slutte og ete raudt- og anna kjøt, og dermed også setje eigen matproduksjon og sjølvforsyning i fare! Kor kunnskaps- og historielaus går det an å bli?

Er det ikkje nettopp i samspel med dei naturgjevne føresetnadane vi her i landet kan vise til dei fremste landbruks- og matprodukta som kan skaffast?

Og kva med energisektoren?

I meir enn 100 år har det blitt bygd industri med basis i vasskraft. Vasskraft som vårt desidert største, naturgitte konkurransefortrinn. I alle høve inntil oljerikdomen slo inn over landet.

Inntil for 30 år sidan var elkraft, telefon, post og samferdsle rekna som basisinfrastruktur for å skape arbeidsplassar og busetnad. Dette var eit sjølvsagt, offentleg bidrag.

I dag er det blitt slik at også infrastrukturen må vere lønsam (eller «berekraftig», som vel er den korrekte nemninga no til dags).
Leiande krefter her i landet har fått det for seg at vi skal forsyne Europa med fornybar energi, og då er det vindkraft som bokstaveleg talt er i vinden.

Rein, fornybar energi har blitt eit spekulasjonsobjekt for multinasjonale investorar med forretningsadresser i ulike skatteparadis.
Straks den norske «ledesauen» har konsesjonen i hende, overtar desse og hentar ut pengar frå dei såkalla «grøne sertifikata» som vi har betalt med fleire titals milliardar.

Utan desse pengane, ville det ikkje blitt bygd ein einaste vindturbin her i landet. Og med den relativt korte levetida slike anlegg har (ca. 20 år), får vi truleg vere med å betale dei ein gang til.

Det er ikkje tvil om at Norge kan elektrifisere alle deler av samfunnet relativt raskt. Spørsmålet vil likevel vere om det vert gjort med rein, fornybar energi? Er det ikkje slik at vi eksporterer vasskraft på dagtid og importerer frå varmekraftverk om natta?

Dersom det er slik at elbilane vert lada med kolkraft om natta, må miljøeffekten vere nokså tvilsam. Dette bør Statkraft kunne opplyse om. Dei har detaljert kunnskap gjennom sine loggar om kva kraft som til kvar tid går på nettet.

Det som elles gir grunn til undring i den norske miljødebatten, er at spesielt miljøbevegelsen, men også deler av det politiske miljø, ser ut til å meine at vi skal berge verda med det vi held på med her i landet. Her er vi som kjent 5,3 millionar menneske og i resten av verda kring 8 milliardar!

Ei verd med store forskjellar mellom rike og fattige land, der ressursar, kunnskap og økonomisk handlekraft er dårleg fordelt. Er vi i stand til å få resten av verda til å forstå at vi har ei felles utfordring? Vil vi kunne få dei største «forurensarane» til å ta dei viktige stega som vil bane veg for fleire?

Her har Rotevatn ei bortimot uoverkommeleg oppgåve dersom det er meininga at vesle Norge skal sitje i førarsetet.

Ein god regel er å rydde i eige hus før ein går laus i andre. Då vil ei skattemessig harmonisering mellom vind- og vasskraft vere ein god start.

Så har vi potensialet som ligg i oppgradering av eksisterande vasskraftverk. Dessutan har vi ein del verna vassdrag som bør regulerast som flaumdempande tiltak.

Alt dette vil gi meir kraft enn alle planlagde vindkraftverk, og med langt mindre naturinngrep!

Det bør elles vere kjent for dei fleste at vindkraft er svært ustabil og at reell effekt ligg mellom 30 og 40 prosent av installert effekt, slik at ein her er avhengig også av andre kjelder for å yte stabil leveranse.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags