Derfor jobbar vi for EU-ja i Venstre

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

På Venstres landsmøte i slutten av september skal partiet ta stilling norsk EU-medlemskap. Som kjent splitta Venstre seg på Røros-landsmøtet i 1972, nettopp på dette spørsmålet. Ein kan lure på kvifor partiet må ta stilling til EU no – er det ikkje sølvpining? Irrelevant for dei fleste veljarar? Litt passé, kanskje?

Vi er sjølv landsmøtedelegatar for Vestland Venstre, og vi kjem til å stemme for norsk EU-medlemskap. Her er tre grunnar til at vi jobbar for eit EU-ja i Venstre:

1: EU er det mest vellykka grenselause samarbeidet vi har. Fellesmarknaden gir oss moglegheit til å innføre reguleringar der det er behov, som til dømes miljøkrav til produkt. Sidan 90-talet har EU-landa kutta sine klimagassutslepp med over 23 prosent, parallelt med fri flyt av varer, kapital, personar og tenester.

EU er ein pådrivar for meir ambisiøse klimamål, også overfor den norske regjeringa. Gjennom klimaavtalen med EU har Noreg forplikta seg til å redusere 40 prosent av norske utslepp innan 2030. I European Green Deal varsla Europakommisjonen at dei vil fremje ein plan for å auke EUs mål til minst 50 prosent og opp til 55 prosent.

Noreg har i samband med dette meldt inn eit forsterka klimamål til Parisavtalen – tilsvarande EUs Green Deal skal Noreg redusere utsleppa med minst 50 prosent samanlikna med 1990-nivå.

2: Eit ja til EU betyr meir makt til norske borgarar. Gjennom EØS-avtalen innfører vi direktiv våre folkevalde berre kan påverke gjennom lobbyisme. Dersom norske borgarar skal få meir makt og medråderett i EU, er eit fullverdig EU-medlemskap det einaste alternativet.

Noregs stemmedel i EU-parlamentet vil vere på cirka 1,8 prosent av det totale talet representantar. Det høyrer med i reknestykket at den norske befolkninga vil utgjere om lag éin prosent av EUs samla befolkning. Med andre ord får vi meir enn ein proporsjonal bit av kaka.

Og ja, Brussel er litt lenger borte frå folket enn Oslo. Men avstanden vil truleg opplevast som mindre dersom norske politikarar følger og deltar i prosessane.

3: Store delar av befolkninga har aldri fått ta stilling til EU-spørsmålet. Det er 26 år sidan folkeavstemminga i 1994. Ingen under 44 år har fått stemme over EU-spørsmålet. Vår generasjon fortener ein grundig, sakleg og opplyst debatt om norsk EU-medlemskap, vi også.

Vi har vakse opp i det frie og fredelege Europa, på eit grenselaust kontinent som opplever store grenseoverskridande utfordringar. Vår generasjon tenkjer annleis på internasjonalt samarbeid enn våre foreldre og besteforeldre. Vi har endå ikkje fått stemme over norsk EU-medlemskap. Vi lever i håpet om at vi éin dag får sjansen. Og Venstres ja til EU kan vere nettopp startskotet for ein ny debatt om vår tilknyting til Europa.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken