Vi må halde på retten til fridom, demokrati og ytringsfridom

Kristiansand 20191116. 
Sians frontfigur Arne Tumyr kastet koranen under Sians demonstrasjon på Torvet i Kristiansand. Det førte til basketak mellom demonstranter og politi da noen brant deler av en bok.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Kristiansand 20191116. Sians frontfigur Arne Tumyr kastet koranen under Sians demonstrasjon på Torvet i Kristiansand. Det førte til basketak mellom demonstranter og politi da noen brant deler av en bok. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

Meiningar

Siste del av 2019 var prega av ein stor debatt kring ei hending i Kristiansand der ei utgåve av Koranen skulle brennast. Hendinga skapte som vanleg merksemd og politiet måtte stenge av området med sperringar. Som vanleg var det motdemonstrantar og når bokbrennarane forsøkte å tenne på Koranen, braut både politi og motdemonstrantar inn. I etterkant vart saka omtalt i rikeleg monn, politikarar frå høgt og lågt, politiet frå høgt til lågt og media med fleire. Alt dette berre for ei bok, ei bok blant millionar av bøker?

Personleg er det same for meg om nokon vil brenne Koranen, Bibelen eller Mein Kampf, det er no berre bøker. No vil nokon hevde at nokre bøker er meir verdt enn andre. I Nazi-Tyskland ville ei slik hending medført ein rask død. Å brenne Koranen ville i dei fleste muslimske land den dag i dag medført same skjebne. Berre det å omtale profeten negativt ville fått same resultat.

Kva så med konsekvensane her i vesten, rettare bestemt her i Skandinavia og i Noreg? Er det trygt å ytre seg her? Nei det er det nok dessverre ikkje. For ca. 400 år sidan kunne ein risikere dødsdom i Noreg for majestetsfornermelse eller brot på blasfeminilova. Men etter 400 år har saka endra seg, det er ikkje lenger sjølvsagt med ytringsfridom.

Manns minne er ikkje så langt, så eg tillèt meg å trekkje fram nokre hendingar i nyare tid.

Ove Myrmel

Ove Myrmel

I 1989 blei romanen Sataniske Vers gitt ut av den britiske forfattaren Salman Rushdie. Den medførte sterke reaksjonar frå den muslimske verda då den blei betrakta som blasfemisk. Ayatollah Khomeini sende ut ein dødsfatva der verdas muslimar vart oppfordra til å drepe forfattaren og ein solid økonomisk påskjøning vart lova ut. Trusselen gjaldt også alle som hadde omgang med boka, oversettarar, bokhandlarar med meir. Ein rekke åtak retta mot alle som hadde med boka å gjere vart utført, enten det var forleggarar, oversettarar eller andre som ikkje støtta dødsdommen. Muslimske samfunn verda rundt heldt offentlege samlingar der boka Sataniske Vers vart brend. Salman Rushdie er den dag i dag, 30 år seinare, ikkje ein «fri» mann. Trusselen mot han er framleis ein realitet.

I Norge vart forleggaren William Nygaard (Aschehoug Forlag) skoten tre gonger i ryggen i 1993 og alvorleg skada i ein hending utanfor sin heim, som ein meiner har ein klar relasjon til hans arbeide som forleggar og utgivar av boka i Norge.

I 2005 kom den mykje omtalte karikatursaka, der teiknarar med blyant- og pennestrek, på ulikt vis, har karikert Profeten Mohammed. Det var den danske avisa Jyllandsposten som først trykte desse teikningane. Dette førte til sterke reaksjonar frå ulikt hald verda over, då mest frå muslimske land. Ei rekke hendingar rundt om i verda kravde mange menneskeliv og blant anna blei den norske og den danske ambassade i Syria sett i brann. Norske media som trykka teikningane, som avisa Dagen, fekk også truslar og redaktøren måtte gå i dekning.

Kurt Westergaard og Lars Vilks, dansk og svensk teiknarar, blei drapstruga og begge har vert utsett for drapsforsøk. Begge må framleis vere underlagt betydeleg sikkerheitstiltak 15 år etter teikningane.

I 2010 avverja dansk politi, i siste liten, eit alvorleg terrorangrep mot Jyllandsposten og Politikens hus i København. Eit angrep som hadde sin bakgrunn i karikaturtenningane.

I 2015 blei kulturhuset Krudttønden i København angripe under ein debatt om kunst, blasfemi og ytringsfriheit. Her blei ein filmskapar drepen og tre politifolk skada, også relatert til karikaturtenningane

I 2015 blei det franske satire-magasinet Charlie Hebdo angripe og 12 av magasinets tilsette blei drepne. Magasinet var satirisk mot alt og alle, enten det var religion, politikarar eller andre forhold i samfunnet. Men det vart satire mot Islam som vart deira skjebne. Magasinet og dei tilsette må framleis ha beskyttelse.

Er det slik vi vil ha det her på berget og har vi i realiteten lenger ytringsfridom i Noreg og Skandinavia når vi risikere livet når vi ytrar oss om enkelte ting.

No vil nok mange hevde at det er unødig å provosere. Ja kanskje det er det, men kvar går grensene for å provosere, skal det gjelde alle, eller berre enkelte deler av samfunnslivet, for eksempel religion? Om vi gir opningar her så vil demningen fort kunne breste til noko verre. Vi må halde på våre opparbeidde rettigheiter som fridom, demokrati og ytringsfridom. Viss ikkje så vil fort våre demoniske spøkelse frå vår nære fortid stå på vår dørterskel igjen, dei og fjerna demokrati og ytringsfriheita, der berre ei lære skulle vere den rette, med tragiske konsekvensar for millionar på millionar av menneske.

Eg er ikkje bekymra for dei i Kristiansand som stod innanfor politisperringane. Eg er meir bekymra for dei som stod utanfor sperringane og demonstrerte. Demokrati og ytringsfriheit er ikkje noko sjølvfølge, det må vi verne om, og vi må ikkje gløyme kva som er alternativet og det vil vi ikkje ha. Når skal våre politikara klart og tydeleg kalle ein spade for ein spade, og at ei bok framleis berre er ei bok?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags