Dei tusen steg

Eg vil  foreslå at politikarane i Sunnfjord tek seg ei vekes opphald på sjukeheimen og tar del i dei daglege oppgåvene som møter dei som arbeider på sjukeheimen, skriv Ståle Sørbotten.

Eg vil foreslå at politikarane i Sunnfjord tek seg ei vekes opphald på sjukeheimen og tar del i dei daglege oppgåvene som møter dei som arbeider på sjukeheimen, skriv Ståle Sørbotten. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg har dessverre i den seinare tid hatt opphald på sjukeheimen i Førde.

Det har gjeve meg eit nytt perspektiv både på livet, dei som bur her og ikkje minst dei som arbeider her.

Når eg betraktar dei som bur her, ser eg kor lite som skal til før kroppen blir bunden til rullestolen eller senga, og må pleiast på alle måtar. Eg har i uhellet likevel vore so heldig at eg kan gå til dekka bord og ete maten sjølv. Det er det eit fåtal av bebuarane som kan.

Eg har sett kva pleiarane har å slite med når alle vi skal forsynast med mat, spesielt dei sengeliggande og det er dei fleste. Samstundes ringer alarmane og pleiarane må sette frå seg og springe til for å sjå kva det gjeld. Det kan vere toaletthjelp, oppkast og anna søl på golv og bord som tek si tid og som forseinkar andre oppgåver, mellom anna matserveringa. Det er ingen tvil om at pleiarane på sjukeheimen legg bak seg mange steg før dagen er omme. Difor har eg kalla desse betraktningane «DEI TUSEN STEG».

Eg må innrømme at eg fleire gonger har tykt synd i personalet på sjukeheimen. Eg kan ikkje sjå anna enn at sjukeheimen i Førde må vere vesentleg underbemanna. Tal tilsette bør aukast for å få bemanninga i samsvar med arbeidsoppgåvene og redusere stresset for pleiarane. Eg er forundra over at Sunnfjord kommune ikkje innser dette. Eg har inntrykk av at politikarane omtalar pleiarane som «englar» i festlege forsamlingar, men når festen er over er det kvardagen som rår. Pleiarane er ikkje spesielt glade for å bli kalla englar i festtaler for dei reknar seg ikkje meir som englar enn andre arbeidstakarar. Dei har valt eit yrke slik med oss andre, eit yrke som er viktig for samfunnet, men som ikkje blir verdsett nok i kroner og øre.

Eg vil difor foreslå at politikarane i Sunnfjord tek seg ei vekes opphald på sjukeheimen og tar del i dei daglege oppgåvene som møter dei som arbeider på sjukeheimen. Sjukeheimen er viktig for oss alle for i morgon kan det vere du som har bruk for hjelp frå den.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken