Gruvedrift utan dagbrot og fjorddeponi

VEVRING: Åge Avedal og Eivind Standal Husabø i Sunnfjord Venstre skriv at dei ser med stor interesse på planane til grunneigarar i Vevring, som vil starte utvinning av granat i Engebøfjellet, utan dagbrot og deponi Førdefjorden.

VEVRING: Åge Avedal og Eivind Standal Husabø i Sunnfjord Venstre skriv at dei ser med stor interesse på planane til grunneigarar i Vevring, som vil starte utvinning av granat i Engebøfjellet, utan dagbrot og deponi Førdefjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– No må politikarane i Naustdal vise tolmod og sjå på reguleringsplanen for utvinning frå Engebøfjellet på nytt, skriv innsendarane.

DEL

LesarbrevGruvedrift utan dagbrot og deponi i Førdefjorden blir stadig meir realistisk og utvinning av granat frå Engebøfjellet i Naustdal ser ut til å verte meir lønsamt enn rutil. No må politikarane i Naustdal vise tolmod og sjå på reguleringsplanen for utvinning frå Engebøfjellet på nytt. Det kan løne seg, både økonomisk og miljømessig.

Sunnfjord Venstre ser med stor interesse på planane til grunneigarar i Vevring, som saman med Arctic Mineral Resources ASA (AMR) vil starte utvinning av mineralet granat i Engebøfjellet utan dagbrot og deponi i Førdefjorden. Vi har så langt hatt to møte med AMR for å få meir innblikk i planane, og ser med forventning fram til at AMR skal orientere kommunestyret i Naustdal under møtet den 21. juni.

Initiativet frå AMR og grunneigarar i Vevring legg opp til granatutvinning, som det er store førekomstar av i Engebøfjellet. Ifølge minerallova er granat eit mineral som høyrer til grunneigarane, og då er det grunneigarane som bestemmer kven som skal drive ut førekomsten.

Nordic Mining AS og dotterselskapet Nordic Rutile AS har i dag rettar til utvinning av mineralet rutil, som er eit mineral som er eigd av staten, og treng derfor ikkje løyve frå grunneigarar til utvinning. Nye analysar, som har kome etter at reguleringsplanen for rutilutvinning i Engebøfjellet vart vedtatt av regjeringa i 2015, viser at det ikkje finst drivverdige førekomstar av rutil åleine, men at det derimot finst drivverdige førekomstar av granat.

Der ser derfor ut til at utvinning av rutil åleine ikkje vil vere lønsamt, men at utvinning av granat – som høyrer til grunneigarane – er det. Dei nye interessentane meiner derfor at spørsmålet om rettane til å drive gruve må vurderast på nytt. Dette er eit krav Sunnfjord Venstre stiller seg bak.

AMR og grunneigarane på Vevringsida av Engebøfjellet skal ha solide miljø i ryggen når dei no går i gang med å utarbeide ein plan for drift av gruve. AMR tar sikte på å komme med forslag til ny regulering i området i første halvår av 2019 og har mål om å sende søknad om driftsløyve til Direktoratet for mineralforvaltning innan 2020.

Politikarane i Naustdal skuldar innbyggjarane at ein tek tak i dette nye initiativet på ein seriøs og god måte. Då må ein ikkje skunde på med industrimetodar som er miljøøydeleggande både på land og i fjorden.

Planane til Arctic Mineral Resources og Vevring-grunneigarane kan verte eit skikkeleg kinderegg som inneber arbeidsplassar og pengar utan dagbrot og fjorddeponi. Då tek vi oss den tida som trengst for å få dette greidd ut skikkeleg!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags