Varsling av kommuneleiinga ved uønskte hendingar

Morten Ørn, leiar ved felles operativ leiing Vest politidistrikt.

Morten Ørn, leiar ved felles operativ leiing Vest politidistrikt. Foto:

Av
DEL

Meiningar 
Firda har den 11. desember 2018 trekt mine utsegner lenger enn det er haldepunkt for og skapt ein front mot naudmeldingssentralen i Florø det ikkje er grunnlag for og som er uheldig.

Firdas artikkel handla om ordførarar som slo alarm om dårleg politiinformasjon. Firda gir uttrykk for at eg meiner at politiet ikkje har ansvar for å varsle kommunane. Men det var ikkje det eg sa.

Politiet har ei alminneleg bistands- og samarbeidsplikt som rekk langt og gir oss eit stort ansvar som nær ikkje kan avgrensast, men der vi er sett til å prioritere. Det inneber at vi ved større hendingar varslar kommuneleiinga når kommunane har stort informasjonsbehov og får store oppgåver. Slik som i det tragiske Gloppenhavariet for kort tid tilbake. Men i mindre alvorlege saker varslar vi ikkje. Det kan skape forståeleg irritasjon hos ordførarane.

Det er 54 kommunar med ulike behov i politidistriktet. For at varslinga skal fungere er det difor viktig at dei som varslar kjenner kor dei ulike terskelverdiane i kommunen ligg. Dette vil lokalt brannvesen, eventuelt den interkommunale naudmeldingssentralen ha betre grunnlag for å vite, enn politiet.

Eg forklarte Firda at politiet finn det naturleg at den interkommunale naudmeldingssentralen alternativt kommunen sitt eige brannvesen informerer internt i det kommunale systemet. På grunn av avisa si feilaktige framstilling, meinte leiar for sentralen i Florø, Terje Brandsøy, at eg dreiv med ansvarsfråskriving og at varsling til sjuande og sist er politiets ansvar.

I redningstilfelle har operasjonssentralen til politiet som Lokal redningssentral (LRS) ansvar for å koordinere den akutte redningsinnsatsen på land. Dette tek ikkje bort ansvaret frå andre aktørar i innsats og deira plikt til å samverke. Aktørar som har overlappande oppgåver og leiing bør samarbeide spesielt godt. 

Vår forventing til kommunen si interne varslingsrutinar utleiast frå sivilbeskyttelseslova § 15 som pålegg kommunane å utarbeide beredskapsplanar for å handtere kriseleiing, forme ut varslingslister, ressursoversikter, evakueringsplanar og plan for å gje informasjon til befolkninga og media.

Vidare brann- og eksplosjonsvernlova § 9 som pålegg kommunane ei plikt for å sørge for etablering og drift av brannvesen som kan vareta førebyggande og beredskapsmessige oppgåver på ei trygg og effektiv måte. Til slutt same lov § 16 som pålegg kommunar å inngå i eit samarbeid om interkommunal naudmeldingssentral og bere sin del av kostnadene for denne.

Sentralen skal ifølge forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 4–5 kunne ta imot meldingar om brann og andre ulykker og sette i verk naudsynte tiltak. I og med at kommunen betaler for drifta av naudmeldingssentralen og vi meiner at varsling til kommunen er eit «naudsynt tiltak» for å utløyse kommunen sine beredskapsplanar, meiner vi det er naturleg at det er sentralen som varslar kommuneleiinga. Politiet har gode rutinar for trippelvarsling til sentralen som kommunen sjølv ber kostnadene for. Kommuneleiinga har ei viktig rolle i krisehandteringa, og det er viktig at dei får informasjon fort.

Politiets operasjonssentral har ei anna og breiare funksjon enn den interkommunale sentralen. Det er viktig at andre aktørar tar ansvar og samverkar for å redde liv, redusere skader og tap av materielle verdiar. At sentralen har gode rutinar for å varsle dei kommunane som finansierer den, vil i ei krise vere viktig for å nå dette målet. Denne typen samverke vil avlaste operasjonssentralen til politiet slik at alle oppgåvene kan løysast enno betre der.

Den 17.04.17 brann det i Fjærlandstunnelen. Fylkesmannen skriv i sin evalueringsrapport etter ulykka at «kommuneleiinga i Sogndal og Jølster kommune vart ikkje varsla. Etter interne rutinar skulle Jølster brannvesen varsla eiga kommuneleiing. Dei tre naudmeldingssentralane har avtalt rutinar for varsling av aktuelle (e) kommuneleiing (ar). Den uoversiktlege situasjonen og uvissa kring omfanget kan ha gjort at dette ikkje fungerte godt. Det er nødvendig å gå gjennom rutinar for varsling av kommuneleiing hos dei aktuelle aktørane.»

Då låg operasjonssentralen til politiet og den interkommunale naudmeldingssentralen til brannvesenet saman i Florø. Likevel fungerte ikkje varslinga, og det syner kor krevjande det er å finne rett terskelverdi når informasjon manglar.

Det har aldri vore vår meining å skape frontar i media, men å ta problemstillinga opp i dei lokale kommunale politiråda og med sentralen i Florø. Alle er tent med eit best mogeleg varslingssystem til kommuneleiinga. Det blir aldri feil om kommuneleiinga nokre gongar blir varsla både av brannvesen og politiet fordi politiet treng tettare kontakt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags