Kvifor eit LAN i Sunnfjord?

NYTT LAN: Rolf Sanne-Gundersen (t.h.), dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS avviser påstandar om at nytt lan i Førde er eit angrep på bLan på Breim.  Her med prosjektleiar Øyvind Østrem (f.v.) frå Høgskulen på Vestlandet, Johanne Sandnes frå Sparebanken Sogn & Fjordane, Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg og forretningsutviklar i Enivest, Anne Mette Hjelle som er styreleiar IT-Forum, Øyvind Hellenes frå Sunnfjord Skaparhus.

NYTT LAN: Rolf Sanne-Gundersen (t.h.), dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS avviser påstandar om at nytt lan i Førde er eit angrep på bLan på Breim. Her med prosjektleiar Øyvind Østrem (f.v.) frå Høgskulen på Vestlandet, Johanne Sandnes frå Sparebanken Sogn & Fjordane, Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg og forretningsutviklar i Enivest, Anne Mette Hjelle som er styreleiar IT-Forum, Øyvind Hellenes frå Sunnfjord Skaparhus. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Vårt motiv er enkelt. Vi ønskjer å vere med på eit positivt initiativ som vil gi ungdomen eit nytt tilbod, slik vi er med på andre initiativ som kjem i vår region om å gi nye grupper nye tilbod, eller vidareutvikle eksisterande tilbod. Det er ein del av jobben vår, skriv Rolf Sanne Gundersen.

DEL

Debatt Sunnfjord Utvikling AS har visstnok gått til angrep på eit LAN-arrangement på Breim, eller som det blir uttalt i Firda 23. juni; «– Eit angrep frå SU og Enivest». SU er altså Sunnfjord Utvikling AS.

Ein urimeleg påstand

Men kva består så dette «angrepet» av? 

Jo, eit initiativ for å arrangere eit nytt tilbod til IT-interessert ungdom i Sunnfjord. Eit nytt LAN hausten 2018 på verftet i Førde. Ikkje på same tidspunktet som LAN-et på Breim, men 14 dagar tidlegare. 

Enivest er eit selskap etablert i Førde som dei to siste åra har investert fleire millionar i fiber i Gloppen, har sponsa Utvikfjellet Skisenter, LAN på Breim og no sist junior-NM i Gloppen. Saman med Sunnfjord Utvikling AS og andre er den urimelege påstanden at Enivest har gått til eit slags angrep for å øydelegge eit positivt og godt arrangement i Gloppen?

Nei, det har verken dei eller vi gjort. Det er ikkje vår intensjon, sjølv om det blir hevda frå fleire hald.

Bidra til utvikling

Dette er ikkje eit angrep. Dette er eit positivt initiativ, på lik linje med andre initiativ vi er involverte i som næringsselskap i Sunnfjord, om å skape noko nytt for ungdomen. Bidra til utvikling. Bidra til å styrke IT-miljøet i fylket og vise at vi har fleire dyktige IT-selskap, ein høgskule som satsar på SogFj og eit attraktivt miljø for IT-engasjert ungdom.

Men kvifor eit LAN når det allereie finst LAN andre stader i fylket? 

Vi har jobba med eit rekrutteringsprosjekt for å sikre nok studentar til Høgskulen sine studietilbod i Sogn og Fjordane generelt, den nye IT-utdanninga på Campus Førde særskilt. RekrutterING Sogn og Fjordane er namnet. 

I lag med veldig mange andre aktørar i fylket har føremålet vore å sikre rekrutteringa av nye studentar til våre studietilbod i Sogn og Fjordane. Eitt av dei andre selskapa som engasjerte seg i dette arbeidet er Enivest.

I samband med rekrutteringsarbeidet kom det også opp ein ide om å lage eit nytt LAN i Sunnfjord. Ikkje for å konkurrere ut andre LAN, men for å skape eit nytt tilbod også i vårt område, og supplere det tilbodet som finst til IT-interessert ungdom i fylket. 

Vårt motiv er enkelt

I Sogn og Fjordane har vi i dag mange arrangement som er ganske like. Konsertar, idrettsarrangement, marknader, kulturarrangement og anna. Nokre av dei til og med på same tidspunktet. Men det å arrangere eit nytt LAN, ikkje på same tidspunktet, i Sunnfjord er altså eit angrep på ein annan arrangør? Det forstår eg ikkje. 

Det har kome mange påstandar frå fleire hald om Sunnfjord Utvikling AS sine motiv. Vårt motiv er enkelt. Vi ønskjer å vere med på eit positivt initiativ som vil gi ungdomen eit nytt tilbod, slik vi er med på andre initiativ som kjem i vår region om å gi nye grupper nye tilbod, eller vidareutvikle eksisterande tilbod. Det er ein del av jobben vår. Det er ikkje eit angrep på andre.


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken