Venstre støttar høgfjellskule i Sogndal

Gunhild Berge Stang, førstekandidat for Vestland Venstre
Trude Risnes, førstekandidat for Sogndal Venstre

Gunhild Berge Stang, førstekandidat for Vestland Venstre Trude Risnes, førstekandidat for Sogndal Venstre Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Ei nasjonal skiguideutdanning og fagskuletilbod for tindevegleiarar lagt til Sogn og Fjordane, er midt i blinken. Venstre vil jobbe for at fylkeskommunen løyver midlar og legg best mogeleg til rette for at Nortind vel Sogndal som lokaliseringsstad. 
Natur- og opplevingsbasert reiseliv er i sterk vekst, ikkje minst her i Sogn og Fjordane. Etterspurnaden etter kvalifiserte skiguidar og tindevegleiarar aukar. Nortind, foreininga for norske tindevegleiarar, har difor teke initiativ til å etablere eit eige fagskulestudium og ei skiguideutdanning. Fagskuletilbodet vil utdanne tindevegleiarar, slik Nortind gjer det i dag. På sikt kan også andre typar guidar bli utdanna gjennom fagskuletilbodet.

Venstre meiner at Sogndal er ein svært god kandidat for ei slik etablering og vil jobbe for at fylkeskommunen løyver midlar og legg best mogeleg til rette. Studietilbodet vil vere eit positivt bidrag til å utvikle naturbasert reiseliv og tilbod med høg kvalitet - i heile regionen.

Nortind peikar på tre aktuelle stader for etableringa: Sogndal, Åndalsnes og Hemsedal. Med det breie utdanningsmiljøet i Sogndal og lange fjellsport-tradisjonar i regionen, bør Sogndal ha gode føresetnader for å verte lokaliseringsstad. Både Luster og Sogndal har aktive fjellsport-miljø og har dei siste åra hatt god vekst i bedrifter innanfor naturbasert reiseliv.

Dette er ei viktig næring, med fin vekst av små, lokalt baserte verksemder. Eit fagskuletilbod i regionen vil gje desse verksemdene unike mulegheiter til å rekruttere dei best kvalifiserte folka som finst på feltet. 

Kommunane i regionen støttar initiativet fullt ut, og Venstre vil no fremje saka for fylkestinget, og vidare i fellesnemnda for Vestland fylke. Vi vil ha høgfjellskulen til Sogndal!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags